Rekorddaarleg ver rekordgodt besoek
REKORD: Han har drive camping i 42 år, men årets mai slo alle tidlegare besøkstal, trass i masse regn og rekordlåge mai-temperaturar.
Nytt

Rekorddårleg vêr - rekordgodt besøk

- Vêret kan du ikkje gjere noko med. Du må gi turistane noko dei vil ha, også i dårleg vêr.

08.06.2015
Dette seier turistvert Knut Asle Goksøyr ved Goksøyr Camping i Herøy.
Han kan sjå tilbake på den beste mai månad sidan han starta opp Goksøyr Camping i 1973.
- Det høyrest kanskje rart ut når du tenkjer på at temperaturen har lege mellom fire og åtte grader i lang tid, men besøksmessig vart årets mai den beste nokon gong.
Goksøyr Camping har ei rekkje turistar som kjem tilbake år etter år, enkelte i over tretti år. Dette er i stor grad tyske turistar og andre utlendingar.
- Vi er heldige som har desse trugne turistane.

Norske bubilturistar

Men i år har det vorte mykje nordmenn, spesielt i helgane. Og ikkje alle kjem langvegs ifrå.
- Nei, her er folk som held til i nabokommunar som Ulstein og Sande, og som tek ei helg her.
Og det er bubilturistar det er snakk om.
- Det er svært mange 60- og 70-åringar som har kjøpt seg svære bubilar, og som tek seg helgeturar. No har mange tydelegvis oppdaga Goksøyr Camping.

Opphalds- og varmestove

Ved campingen er det godt tilrettelagt for straum. I tillegg har Goksøyr bygt ei opphalds- og varmestove.
- Her skal det etter kvart verte eit lite museum. Denne stova er det mange som set pris på, spesielt i pissregn og nokre få varmegrader ute.
Han er litt lei av andre campingplass-eigarar som grammar seg over dårleg vêr.
- I godt vêr går alt av seg sjølv. Vi må i staden planleggje for dårleg vêr. Då må vi ha noko anna som dreg besøkande.

- Dårleg og farleg sti

Goksøyr Camping ligg like ved gangvegen opp til fuglefjellet på Runde. Goksøyr meiner det nærmar seg ein skandale at Statens Naturoppsyn ikkje tillet at det vert bygt ein sti med grus eller anna fast dekkje.
- Det er mange stader eit einaste stort gjørmehol, som turistane etter kvart vel å gå utanom. Dette fører til at stien ikkje vert tre meter brei, men i staden vert 20 og 30 meter brei.
Han meiner at dagens løysing også er farleg.
- Ikkje lenge sidan var det ein turist som glei og fall på ryggen. Han fekk kameraet i hovudet, med påfølgjande store skader.

Vil ha køyrbar sti

Goksøyr meiner at stien bør gjerast køyrbar, slik at ein ved krisesituasjonar kan hente ned skada personar.
- Sjå korleis ein har gjort det på Eika i Ulstein og fleire andre stader, der det er lagt dekkje. Der held folket seg på stien, og naturen rundt vert skjerma.
- Ei slik løysing ville spart naturen på Runde, i tillegg til at det ville ha vorte både trivelegare og tryggare å gå opp på fjellet.
- Dagens løysing et ei skam, men det ser ut til å vere håplaust å få gjennomslag for andre løysingar enn dagens overfor dei statlege byråkratane som i praksis bestemmer over ferdselen på Runde.
I godt vêr går alt av seg sjølv. Vi må i staden planleggje for dårleg vêr

Publisert: 08.06.2015 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44