- Å kutte norsk oljeproduksjon løyser ingen klimaproblem
Tidlegare Equinor-topp Eldar Sætre meiner at vidare norsk oljeproduksjon er viktig i eit globalt klimaperspektiv.
- Saka er at den oljen verda vil trenge ei god stund framover, uansett vil bli produsert. Då er det best å utvinne olje og gass der utsleppa i produksjonsfasen er lavast.
- Å redusere den mest karboneffektive produksjonen først vil gi høgare utslepp og den motsette effekta av det vi alle ønsker. Vi må starte i rett ende av problemet.
Det seier Eldar Sætre i eit intervju med NETT NO. Sætre gjekk av som konsernsjef i Equinor 2. november i fjor, etter å ha leia selskapet i seks år frå 15. oktober 2014. 1. mars i år hadde han sin siste arbeidsdag i selskapet, etter at han sjølv starta i Statoil i 1980.
Dårlege alternativ
No viser Sætre til at olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel er av dei reinaste i verda, og skal bli endå reinare.
- Tungolje representerer den klart største delen av dei gjenverande oljeresssursane i verda. Då snakkar vi kanskje om hundregangaren i høgare utslepp per fat produsert.
- Eller det er snakk om oljeproduksjon i Russland eller Brasil eller Mexicogolfen, også med langt høgare utslepp enn i Nordsjøen.
- Og i tillegg; det er også gjerne snakk om meir oljeproduksjon i land som ikkje akkurat vil bidra til å redusere det geopolitiske spenningsnivået i verda, eller som vil styrke betydninga av menneskeverdet i verdssamfunnet, seier Sætre.
50 milliardar til klimagasskutt
Før Sætre gjekk av som konsernsjef i Equinor, la han om strategien til at selskapet skal bli eit breidt energiselskap, og satse også meir på fornybar energi og andre lavutsleppsløysingar.
Han sa også ja til at Equinor skal bruke 50 milliardar kroner på å kutte sine eigne klimagassutslepp, blant anna gjennom elektrifisering av norsk sokkel.
Målet er 40 prosent reduksjon innan 2030 og null utslepp i 2050.
- Vi skal ha oljeproduksjon i mange tiår framover, og den produksjonen skal vi gjere så miljøvenleg som muleg.
Hywind Tampen
Første store fornybar-prosjektet i Nordsjøen er Hywind Tampen, med elleve store vindturbinar som skal forsyne Snorre- og Gullfaks-feltet med elektrisk straum.
Prosjektet er alt i gang, og første del av planen vil kutte utsleppa med fem millionar tonn årleg, noko som tilsvarar 10 prosent av dei samla utsleppa i Norge.
- CO2 kjenner ingen landegrenser
Sætre seier at han er litt «frustrert» over dei som no ønsker å kutte norsk oljeproduksjon gjennom politiske vedtak, utan å sjå på verda under eitt.
- CO2 kjenner ingen landegrenser.
- Å kutte norsk oljeproduksjon løyser ingen globale klimaproblem. Tvert imot, seier Sætre.
Han viser til at i størrelsesorden ti prosent av klimagassutsleppa i eit livsløp skjer under produksjonsfasen ved olje- og gassfelta.
- Å kutte denne delen til nær null har stor effekt, på grunn av den store betydninga oljen og gassen framleis har.
- Vi er på ei reise. Det er energirealiteten vi står overfor, og då må vi ikkje la det «perfekte» bli «det godes» fiende.
Mykje blir ikkje forbrent
Og så er det heller ikkje slik at all oljen og gassen blir forbrent, påpeiker Sætre.
- 15-20 prosent av oljen blir ikkje forbrent, og denne andelen vil auke etter kvart som den totale etterspørselen går ned. Dette er noko vi også må hugse på.
- Som eit eksempel er asfalten vi går og køyrer på for ein stor del olje som ikkje blir forbrent, og ein iphone inneheld rundt 6 liter olje, seier Sætre.
Han seier at han kan nemne hundrevis av olje- og gassbaserte produkt og material som folk brukar dagleg og er blitt ein integrert del av våre liv, uten at vi tenker over det .
- Det er særs viktig å utvikle miljøvenlege alternativ raskast mulig, men før alternativa er der, er det vanskeleg å klare seg utan olje.
- Og så må vi resirkulere alt vi kan av plastbaserte material. Dei skal ikkje på avvegar eller brennast på noko tidspunkt.
Vi skal ha oljeproduksjon i mange tiår framover, og den produksjonen skal vi gjere så miljøvenleg som muleg
Viktig karbonfangst
Sætre køyrer sjølv ein ladbar hybridbil, men meiner det er feil å tru at elbilar og elektrifisering løyser alle problema.
- Dei store klimautfordringane blir ikkje løyste gjennom «reine» elektronar åleine, seier Sætre.
Sjølv har han stor tru på karbonfangst og lagring, der CO2 vert fanga, frakta og plassert i resevoar 1000-2000 meter under havbotnen. Dette kan ifølgje Sætre bidra til avkarbonisering av store industrisektorar – og det gir i tillegg grunnlag for hydrogenproduksjon i stor industriell skala.
- Vi treng nye og betre måtar for å lagre og transportere energi.
- Då blir både ammoniakk og hydrogen ein del av løysinga, trur eg.
Må utvikle alternativ
I tillegg har Sætre tru på at avgifter vil tvinge fram endring gjennom bruk av marknadskreftene, slik som ei høg CO2-avgift – gjennom internasjonale avtalar.
- Slutten på oljealderen skjer ikkje gjennom politiske vedtak på feil plass, men i første rekke gjennom å utvikle alternativ som vil påvirke etterspørselen og etter kvart fortrenge olje og gass.
- Den dagen vi har alternativa, har vi ikkje lenger bruk for olje. Då tar det slutt av seg sjølv.
- Og for å få det til må vi ta i bruk marknadskreftene, gjennom ein høg pris på CO2-utslepp som styrer etterspørsel og teknologiutvikling i ei berekraftig retning.
Publisert: 23.09.2021 05:50
Sist oppdatert: 23.09.2021 00:26