Rekordhoeg levandefangst av torsk i fjor
TORSK: Norske fiskarar fanga nær 6.000 tonn torsk som blei lagra levande i 2015. 
Nytt

Rekordhøg levandefangst av torsk i fjor

Aldri før har så mange tonn torsk vore levandefanga i Noreg som i 2015.

13.01.2016
(NPK): – Det viser at kvotebonusen som blei innført i 2013 verkar som han skal, seier forskar Øystein Hermansen ved Nofima til Fiskeribladet Fiskaren.
Gjennom kvotebonusordninga blir fiskaren trekt eit halvt tonn av kvoten for kvart tonn levandefangst som blir levert. Slik kan fiskarane levere dobbelt så mykje på kvoten sin.
I fjor kjøpte om lag femten næringsaktørar levande torsk, og mengda dei har teke imot har vekse kraftig. I 2013 blei det fanga i underkant av 2.000 tonn, medan det i 2015 blei fanga nær 6.000 tonn torsk som er blitt levande lagra.
Levandelagringa sørgjer for betre tilgang på fersk fisk og slik betre moglegheit til å utnytte ein marknad som betaler godt for det, fortel avisa.
– Gjennom levandelagring får ein forlengd sesongen og fisk er tilgjengeleg sjølv om det aktive fisket må stroppe grunna uvêr. Eit anna poeng er at det blir lettare å inngå langsiktige avtaler med kjøpar dersom ein veit at ein har levande fisk på lager, seier han. (©NPK)

Gjennom levandelagring får ein forlengd sesongen

Publisert: 13.01.2016 15:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52