Rekordhøg ordrereserve for Kongsberg
Signerte maritime oppdrag for meir enn 24 milliardar i fjor.
(NPK-NTB-NETT.NO): Heile Kongsberg Gruppen med driftsresultat på 4,6 milliardar i 2022 – opp 12,6 prosent.
Pilene held fram å peike oppover for Kongsberg Gruppen, som auka driftsinntektene med 16 prosent i fjor. Resultatet auka med 12,6 prosen, viser kvartalsrapporten som vart offentleg i ei børsmelding tidleg fredag.
Heile forsvars- og teknologikonsernet omsette for 9,4 milliardar kroner i fjerde kvartal 2022, som er på linje med forventningane til analytikarane, men ein auke frå 8,1 milliardar i same periode i fjor.
Betre lønnsemd i maritime
Konsernet opplyser at utviklinga var god i alle forretningsområda i 2022. Kongsberg Maritime-delen av konsernet, med anlegg og kontorer i
Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulsteinvik, økte inntektene med 15
prosent.
Også lønnsemda i denne delen av verksemda vart betre i fjor med ei auke i driftsresultatet frå 12 til 12,6 prosent.
«Innen våre maritime markeder er ambisjonene om reduserte utslipp en viktig driver for etterspørselen, og vi har stor suksess med våre løsninger inn mot fornybare energimarkeder som offshore vind», uttaler konsernsjef og administrerande direktør Geir Håøy om resultatet.
Nær dobla ordreinngang siste to år
Konsernsjefen vektlegg at den nye tryggingssituasjonen i Europa har framheva behovet for å styrke landa sin forsvarsevne og beredskap
– Vi har lagt bak oss eit sterkt år med vekst, solide resultat og god ordreinngang. Dette gir optimisme, føreseielegheit og ei solid plattform for vidare berekraftig vekst, seier Håøy.
Han seier ordrereserven nesten er dobla dei siste to åra.
Selskapet har totalt ein ordreinngang på 45 milliardar i ny ordreinngang. Totalt er ordrereserven på rekordhøge 63,5 milliardar kroner.
Styret foreslår for generalforsamlinga at det blir utbetalt eit totalt utbytte på 2,1 milliardar, tilsvarande 12 kroner per aksje.
Publisert: 10.02.2023 08:20
Sist oppdatert: 10.02.2023 13:35