Betydeleg designkontrakt til Kongsberg
Meir jobb på ny fartøyserie til havvind. Skipa blir bygde i India.
Designarane i Kongsberg Maritime får meir å gjere som følgje av at konsernet inngår ein større designkontrakt på seks store konstruksjonsskip til havvindmarknaden.
Det kommer fram i ei pressemelding fra kyprosbaserte Pelagic Partners.
Ein blid kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime opplyser til NETT NO at detaljane kring kontrakten med verftet ikkje er klare enno, og at ho difor ikkje kan stadfeste oppdraget.
Les også
Skipa byggast i India
Ifølgje meldinga dreier det seg om seks konstruksjonsskip for havvindmarknaden basert på Kongsberg sitt UT 5519 HL-design.
Skipa skal byggjast ved Cochin-verftet i India og vere klare for levering i starten av 2025. Kontraktsverdien på skipa er på 350 millionar euro – eller drygt 3,5 milliardar kroner.
Klargjort for nullutslepp
Om bord blir det mellom anna topp moderne utstyr for dynamisk posisjonering, men det går ikkje
fram av meldinga om nybygga også gir utstyrsleveransar for Kongsberg
Maritime.
Alle skipa blir klargjort for nullutsleppdrift med metanol og blir utstyrt med elektrisk gangveg for at besetninga skal kunne ta seg til installasjonar til havs. Om bord i skipa blir det også komfortable hotellfasilitetar for mannskapet.
Pelagic Partners har etablert fondet Pelagic Wind Services som skal drifte skipa.
Publisert: 09.11.2022 08:55
Sist oppdatert: 09.11.2022 09:45