Lisa Edvardsen Haugan Kongsberg Maritime foto Marius Rosbach 11
NY PRODUKSJONSLINJE: På sin tredje offisielle arbeidsdag som Kongsberg Maritime-sjef opna Lisa Edvardsen Haugan den nye produksjonslinja i Ulsteinvik. Etter at dei tilsette har hatt feiring i helga, vil montering og testing av thrustarane snart vere i full gong. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Viktig for meg å vere her

Den nye Kongsberg Maritime-sjefen ser fleire vekstområder for utstyrsleverandøren.

Marius Rosbach
04.11.2022

Tre år etter at Kongsberg tok over marinedivisjonen til Rolls Royce, tek Lisa Edvardsen Haugan over eit Kongsberg Maritime i medvind.

Torsdag kunne den nye administrerande direktøren opne den nye produksjonslinja for ein type thrusterar i Ulsteinvik. Med på vegen fekk ho lovord frå ordføraren som kunne slå fast at trua på Kongsberg var tilbake i lokalsamfunnet.

Kongsberg Maritime Lisa Edvardsen Haugan Knut Erik Engh Foto Marius Rosbach 11
Satsinga til konsernet blei teke godt i mot av Ulstein-ordførar Knut Erik Engh, som klipte snora saman med Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvardsen Haugan. Foto Marius Rosbach

Haugen leier eit konsern med 7000 tilsette i meir enn 30 land. Kring 1200 av desse jobbar på avdelingane i Ulsteinvik, Hjørungavåg, Ålesund, Brattvåg og Longva.

– Det er viktig for meg å vere her, ikkje minst fordi mange av kundane våre her. Om eg ikkje er her kvar veke, så vil eg vere her ofte, fortel ho til NETT NO.

Kongsberg Maritime feiring produksjonslinje Ulsteinvik foto Marius 11
MANGE VILLE FEIRE: Stort oppmøte frå kundar og partnarar då produksjonslinja for nyaste generasjon propellar skulle blir feira i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach

Allereie godt kjent i regionen
Sjølv om ho vaks opp i Harstad og Indre Troms, og har budd mesteparten av livet i Kongsberg, blir rørt når ho flyg inn over Sunnmøre.

Den nye sjefen er allereie godt kjent i regionen etter å ha pendla hit i fleire år.

– Eg blir rørt og stolt når eg flyg inn til Vigra og ser verfta ligg utover og kva den maritime klynga klarer å få fram av verdiskaping, seier ho.

Og meir kan det bli. Førre veke la Kongsberg-konsernet fram rapporten for tredje kvartal som viser større ordreinngang, høgare inntekter og mykje betre lønnsemd.

Kongsberg opning produksjonslinje 2
STOR PLASS: Førebels er det berre fire thursterar som er laga i den nye hallen. På venstre side kjem store delar og sett med utstyr, som blir montert på høgre side av hallen. Foto: Marius Rosbach

Ser fleire vekstområder
Etter ein periode med sterk aktivitet i handelsflåten, ventar ein nedgang i den marknaden framover.

– Det som er positivt for vår del, er at vi byrjar å sjå ein del aktivitet innan olje- og gass, og ikkje minst det fornybare. Det har vore god aktivitet på servicefartøy til botnfast havvind, og no ser vi at det kjem ein marknad for flytande havvind, seier ho.

– Med den geopolitiske spenninga vi opplever vil også marinefartøy vere ei moglegheit, seier Haugan.

Kongsberg maritime rim drive thruster foto marius 11
FØRSTE TIL VINDSKIP: Kongsberg har no kring 40 slike «Rim Drive»-thrustarar i ordreboka. Den første leveransen skal til eit vindskip under bygging hos Vard. Foto: Marius Rosbach

Vil bygge standardiserte militærskip
I forsvarsmarknaden har Kongsberg lansert Vanguard-konseptet som inneber standardisert modulbasert bygging av militære skip ved fleire norske verft.

Tidlegare er det anslått at berre seks minesveipere til det norske forsvaret kan gi arbeid som tilsvarar opptil 20.000 årsverk i den maritime industrien.

– Her har vi også med oss fleire bedrifter i den maritime klynga, så det representerer ikkje berre ei stor moglegheit for Kongsberg, men også for mange andre, legg ho til.

Men arbeidet tek tid. Status per i dag er at det skal lagast ei konseptutvalutgreiing. Avhengig av kva val regjeringa tek etterpå, vil det i beste fall gi konkrete oppdrag kring 2028.

Vanguard kongsberg maritime 11
VIL BYGGE MILITÆRSKIP: Til saman vil fire-fem mineryddarar kunne gi 20.000 årsverk hos bedrifter langs kysten, ifølgje Kongsberg. Illustrasjon: Kongsberg Maritime

Stor grad av europeiske leverandørar
Kring 80 prosent av verksemda i Kongsberg Maritime går til eksport.

Haugen fortel at risikoen for krøll i leverandørkjedene har gjort at dei allereie har prioritert å sikre seg på fleire hald.

– Vi er opptekne av å sikre oss tilgang på komponentar, og det har vore ei utfordring. Men ved «dual sourcing» har vi tryggleik for leveransane, seier ho.

Europa er den største marknaden for Kongsberg Maritime, men ein betydeleg del av inntektene kjem også frå asiatiske kundar. Til thrusterane som blir laga ved den nye produksjonslinja som Haugan opna i Ulsteinvik, kjem leveransene i hovudsak frå Spania og Tyskland.

– Vi har stor grad av europeiske leverandørar til produksjonslinja også i Brattvåg, påpeiker ho.

Kongsberg Maritime renovering kontorbygg Ulsteinvik foto Marius 11
I GONG MED RENOVERING: Konsernet investererer kring 100 millionar på å renovere bygningsmassen i Ulsteinvik. Kontorbygget blir rehabilitert og eit nybygg skal koplast saman med den noverande bygninga. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 04.11.2022 16:36

Sist oppdatert: 07.11.2022 12:56

Mer om