Global Florø anlegg
PASSERTE MILLIARDEN. Produksjonsselskapet Global Florø sysselsette 101 årsverk i fjor og hadde 1,3 milliardar kroner i driftsinntekt, ein auke på over 30 prosent frå året før.
Nytt

Rekordinntekt for Global Fish i Florø

God start på 2025, men spår redusert aktivitet på grunn av mindre fisk i år.

01.04.2025

Global Florø auka inntektene med over 30 prosent og selde for over 1,3 milliardar kroner i fjor. Også lønsemda fekk eit oppsving (sjå tabell).

Etter ein nedgang i lønsemda i 2024 s steig driftsresultatet i prosent av driftsinntekt til 7,7 prosent i 2024. Det er i nærleiken av gjennomsnittet i åra 2020-2022 (8,1 prosent), som er dei mest lønsame åra til selskapet i perioden 2013-2024.

Global Florø driv mottak og foredling av sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag i sitt anlegg i Florø. Selskapet er eit datterselskap av Global Fish i Ålesund, med Nergård-konsernet som største eigar.

I 2018 vart Lofoten Viking, med Nergårdkonsernet som majoritetseigar, eigar av 40 prosent av aksjane i Global Fish gjennom ei kapitalutviding. I 2023 kjøpte eit selskap eigd av Nergårdkonsernet og Geir Robin Hoddevik heilt ut fiskebåtreiarane Sigurd Teige, Terje Teige og Birger Dahl med familie, og brørne Jan Otto Hoddevik.

Mindre å gjere
Global Florø sysselsette 101 årsverk i fjor. I år ligg det an til mindre å gjere, ifølgje årsmeldinga for 2024.

"I 2025 vil reduserte kvoter på makrell, lodde og nordsjøsild føre til mindre aktivitet. Det er ingen lodde-kvote i Barentshavet og en liten loddekvote på Island som Norge ikke har tilgang til. Som et resultat er det ventet at omsetningen vil falle. Reduserte kvoter vil også føre til økte råstoffkostnader på alle fisketyper.", skriv Global Florø i årsmeldinga.

Glede av svak krone
Betre lønsemd i fjor skuldast delvis verknaden av ei svak krone, altså ein gunstig valutakurs sett frå norske fiskeeksportørar si side.

Valutakursen har også gitt drahjelp i starten av 2025, og selskapet melder om god betalingsvilje hos kjøparane, trass prisauke. 

Global Florø as  
Tal i mill. kroner20242025
Driftsinntekt1303,5991.8
Driftsresultat100,248,5
Resultat før skatt96,844,6

Publisert: 01.04.2025 11:11

Sist oppdatert: 01.04.2025 11:11