Olav Fjællingstad Sykkylven Bil foto Kjetil
TØFFARE: Å få tak i nok bilar er blitt stadig meir utfordrande fortel bruktbilforhandlar Olav Fjællingsdal. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Rekordinntekt for Sykkylven Bil

Vekst, trass i at det blir stadig tøffare og få tak i bilar for bruktbilforhandlaren.

11.06.2025

Olav Fjællingstad og hans tilsette i Sykkylven Bil selde omlag 250 bilar i fjor, og låg  ved utgangen av mai i år an til å klare det same i år. 

Storparten av bilane han sel er i årsklassene 2015-2020 og bensin og dieselbilar dominerer, fortel Fjællestad.

Den største utfordringa hans er å få tak i brukbilar, og det har berre vorte meir utfordrande dei siste åra.

Bilar på auksjon
Fjællestad og konkurrentane i bruktbilbransjen har tradisjonelt vore store kjøparar av brukte bilar frå nybilforhandlarane, som selde innbyttebilar vidare til bruktbilforhandlarane.

Dei siste åra har nybilforhandlarane halde att ein større andel av innbyttebilane og seld dei vidare sjølve. I tillegg blir ein aukande andel av brukte bilar frå nybilforhandlarane seld via auksjonar. Også Fjællestad kjøper bilar på auksjon, men summen av alt dette er at det er blitt meir krevjande å fa tak i bilar til rett pris og kvalitet i høve til kva kundane etterspør, ifølgje Fjællestad.

Fornøgd
2023 vart eit rekordår mål etter lønsemd for Sykkylven Bil. I fjor sette firmaet ny inntektsrekord (sjå tabell), mykje fordi gjennomsnittsprisen for kvar selde blir var høgare eini 2023. Resultat før skatt i prosent av driftsinntektene (resultatmargin) var 3,6 prosent. Det er eit resultat Fjællestad seier seg fornøgd med. 

Fjællestad er dagleg leiar og eigar av bruktbilforhandlar og verkstadsbedrifta Sykkylven Bil og ein Cirkle K bensin- og bilvaskestasjon, som blir driven gjennom selskapet Sykkylven Rekvisita.

Sykkylven Bil as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt49,639,1
Driftsresultat1,92,2
Resultat før skatt1,82,1

Publisert: 11.06.2025 10:56

Sist oppdatert: 11.06.2025 10:56

Mer om