Profilar Vello Nordic foto Ogne
Vello Nordic på Håhjem lagar profilar i glas- og karbonfiber. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordinntekt for Vello Nordic

Overskot for andre år på rad - etter 27 år i minus.

29.03.2023

Sidan starten i 1994 gjekk Vello Nordic i minus i år etter år, heilt til 2021, men i fjor fekk selskapet sitt andre overskot på rad.

Selskapet har nesten dobla driftsinntektene på fire år og nådde i fjor 59 millionar kroner i driftsinntekt, som er ny rekord.

Vello Nordic på Håhjem lagar profilar i glas- og karbonfiber. Selskapet blei etablert i 1994 og flytta inn i dagens lokale på Håhjem i tidlegare Skodje kommune i 2017.

Vello Nordic as

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt59,054,2
Driftsresultat1,82,2
Resultat før skatt1,11,4

Tålmodig eigar
Vello er ein del av Spilka-konsernet, der Spilka Industri er det største og viktigaste selskapet. Spilka Industri var lenge eit svært lønsamt selskap, takka vere sitt patenterte vindusbeslag, og gjorde at eigarane av Vello Nordic hadde råd til å vere tolmodige i utviklinga av Vello Nordic.

År etter år med underskot har gjorde likevel at tanken på å avvikle og legge ned har dukka opp, sa medeigar Bjørn Stafset til NETT NO i 2019.

- Vi har halde på i 24 år, så den tanken har streifa meg ganske ofte, sa han.

Men då NETT NO snakka med Stafset i 2019 det optimismen som rådde. I dei nye lokala var det investert i auka produksjonskapasitet og forventingane var at plussresultatet var like om hjørnet.

- For min eigen del har eg aldri vore meir positiv, sa Stafset den gangen.

Vekst skulle gi pluss
Det Stafseth satsa på, å få ein vekst som løfta selskapet frå minus- til plussresultat, er oppfylt.

Magnus Stafset, som nyleg vart dagleg leiar i Vello Nordic, seier til NETT NO at driftsinntektene hittil i år er på line med same periode i 2022. Selskapet var spent på korleis utviklinga i byggemarknaden skulle påverke selskapet, men ser så langt ikkje store endringar.

Fram til i fjor var Spilka-konsernet eigd av tre søken. I fjor blei Knut Inge Stafset løyst ut av konsernet av Laila og Bjørn Stafset, som held fram som eigarar med 50 prosent eigarandel kvar.

Publisert: 29.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 19.06.2023 06:58

Mer om