Epax norway as 3 Kristin Støylen
FISKEOLJE: Epax Norway, som held til i Ålesund, produserer mellom anna høgkonsentrert omega 3 av fiskeolje. Foto: Kristin Støylen/Epax Norway
Nytt

Rekordinntekt for Witzøe-selskap i Ålesund

Auka omsetninga med nesten 60 millionar i 2022.

Linn Antonie Vårdal Solheim
20.07.2023

Epax Norway, som held til i Ålesund, er eit selskap i Pelagia-konsernet. Selskapet produserer og foredlar høgkonsentrert fiskeolje til menneskelig konsum, mellom anna til omega 3-tilskot.

I årsrekneskapen kjem det fram at Epax Norway sysselsette 78 årsverk i 2022. Det er mellom anna Austevoll Seafood og SalMar-arving Gustav Magnar Witzøe som er eigarar av morselskapet Pelagia.

Mindre sal til Asia
I 2022 auka salsinntektene til selskapet med 10,2 prosent, og i følgje årsrekneskapen er det sala til Nord-Amerika og Europa som auker mest.

Inntektene frå sal til den asiatiske marknaden har sidan 2021 minka med 14 prosent.

Selskapet har røter heilt tilbake til 1838, og har dei seinare åra hatt eit særskilt fokus på å utvikle drifta i ei meir berekraftig retning, og har mellom anna arbeidd med å redusere Co2-utslepp og energiforbruk.

Forfalte kundefordringar
Frå årsrekneskapen kjem det fram at selskapet per utgangen av 2022 sat på forfalte kundefordringar for meir enn 21 millionar kroner.

Dette utgjer 3,3 prosent av dei totale salsinntektene til selskapet i løpet av året.

Varelageret auka mykje i 2022. Både behandlinga av varer under tilvirkning og ferdige varer har hatt stor vekst, med ein auke på høvesvis 142,3 millionar og 50,2 millionar.

Sunnmørsposten melde først om årsresultatet i selskapet.

Tal i millionar kroner
Epax Norway AS
2022 2021
Driftsinntekter 642,2 582,8
Driftsresultat 187,5 154,7
Resultat før skatt 144,0 143,6

Publisert: 20.07.2023 18:14

Sist oppdatert: 20.07.2023 18:11

Mer om