Astroplast i Herøy skal levere ei skreddarsydd løysing for vassirkulasjon og fiskehandtering i kara til det landbaserte oppdrettsanlegget Arctic Seafarm Nesna. Det fortel selskapet i ei pressemelding.
Dette er den største einskildkontrakta Astorplast har inngått og tilsvarar 55 prosent av ei gjennomsnittleg årleg driftsinntekt for selskapet, heiter det i pressemeldinga.
Dei siste fem åra har Astorplast hatt i gjennomsnitt 63 millionar kroner i årleg driftsinntekt, slik at kontrakten med Arctic Seafarm Nesna er på omlag 35 millionar kroner.

Store dimensjonar
Astorplast skal levere tilsaman 38 einingane. I praksis er det massive søyleforma silar som skal stå midt i kvart sitt oppdrettskar. Søylene ragar 6,5 meter opp frå botnen og vert monterte i kar med ein diameter på opptil 28 meter, ifølgje pressemeldinga.
– Ved å flytte all mekanikk inn i søylene, sikrar vi at fisken ikkje kjem i kontakt med bevegelege delar. Det hindrar skadar og gjer samstundes vedlikehaldet tryggare for røktarane, seier teknisk sjef Trond Arne Husøy i Astorplast i meldinga.
Det er selskapet Eyvi som skal bygge anlegget til Arctic Seafarm Nesna, og som er Astroplast sin kontraktspartnar.
Smakar godt
Astorplast-sjef Asgeir Djupvik kallar kontrakten ein milepæl etter ei lang periode med uvisse i oppdrettsmarknaden
Den politiske prosessen rundt innføringa av lakseskatten førte til at mange investeringar i marknaden vart sette på vent.
– Å innføre skatt med tilbakeverkande kraft, og la bransjen vente halvtanna år på skattesatsen, gjorde det vanskeleg for kundane våre å investere. Difor smakte denne kontrakten ekstra godt. Den stadfesta at aktiviteten var på veg tilbake, seier Djupvik i pressemeldinga.
Publisert: 17.12.2025 11:40
Sist oppdatert: 17.12.2025 14:45






