Rekordkontrakt og kapitaljakt
Axtech har dratt i land si hittil største kontrakt. No søkjer ingeniørbedrifta etter kapital for å vekse og konkurrere i fornybar-marknaden.
Richard Myhre og Kjell Ødegård etablerte ingeniørbedrifta Axtech i 2004, og er høvesvis dagleg leiar og marknadssjef i selskapet, i tillegg til å vere største eigarar med tilsaman over 70 prosent eigarandel.
I dag har ingeniørselskapet med hovudkontor i Molde 76 tilsette. Berre sidan mai i år har selskapet auka arbeidsstokken med ti, og vil ikkje slutte der.
- Vi har lyst til å bli større, seier Kjell Ødegård.
Axtech er ekspertar på kraner, vinsjar og alle slags innretningar som kan løfte, flytte og plassere tunge ting til sjøs.
På kundelista står mellom andre Equinor, TechnipFMC, Subsea 7, DeBeers og Shell.
Diamantutvinningsskipet som Marin Teknikk teikna for diamantselskapet DeBeers hentar diamantane opp frå havbotnen ved hjelp av utstyr som er konstruert i Molde og utstyret for å dra inn stigerør på Equinor-plattformen Asta Hansteen er også Axtech sitt verk.
Rekordkontrakt
Tidlegare i år fekk Axtech ein kontrakt på mellom 25-30 milionar Euro - 260-310 millionar kroner. Det er det største oppdraget selskapet har sikra seg hittil. Det også er eit stort steg inn i marknaden Axtech vil satse meir på på å levere utstyr og løysingar til, vindkraftutbygging og - kraftproduksjon til havs.
Oppdraget er å teikne og prosjektere anlegget ombord i eit steinleggingsfartøy som skal tilhøyre det belgiske selskapet DEME. Anlegget omfattar mellom anna røra som steinen vert ført ned gjennom, rør som kan halde rett posisjon nede på botnen.
Fartøyet skal både kunne legge stein rundt fundamentet på grunt vatn til vindmøller for kraftproduksjon til havs og legge stein i kabel- og rørgrøfter på over 1000 meters djup.
Axtech har hatt mindre oppdrag for DEME tidlegare, men har også hatt fleire forsøk på å få nye oppdrag for selskapet - før det kom ein telefon for eitt års tida.
Krev meir kapital
Ingeniørselskapet har lang
erfaring i offshoremarknaden. Der har kundane godteke større grad av
skreddarsaum og tatt på seg ein større risiko knytt til utvikling av
teknologi og utstyr enn det som er tilfelle i vindkraftmarknaden.
- Fornybarmarknaden krev løysingar på førehand. Det betyr meir risiko for oss, seier Myhre.
Axtech må legge ned meir arbeid i å utvikle anlegg og utstyr før selskapet vinn ein kontrakt i vindkraftmarknaden. Det betyr at selskapet må løne ingeniørarane for å gjere arbeid som i større grad enn før kanskje ikkje gir oppdrag.
Det er bakgrunnen for at selskapet no arbeider med å få inn ny kapital. Myhre og Ødegård har førebels ikkje bunde seg til korleis selskapet skal bli meir solid, og er opne for ulike alternativ - frå emisjon til å gå saman med andre.
- Målet er å få lukka prosessen i løpet av neste halvår, seier Myhre.
Fornybarmarknaden krev løysingar på førehand. Det betyr meir risiko for oss
Axtech as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 140,4 | 233,6 |
Driftsresultat | -3,2 | 25,9 |
Resultat før skatt | -5,7 | 26,1 |
E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?
Publisert: 25.11.2022 09:45
Sist oppdatert: 25.11.2022 10:45