Roger Lunde Ekornes sjef foto Ogne
OPPSVING: Den gode utviklinga frå andre halvår held fram i 1. kvartal for Ekornes. Ekornessjef Roger Lunde kan rapportere om ein ordrereserve på ein milliard kroner.. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordkvartal for Ekornes

Både inntekter og ordrereserve nådde rekordnivå for første kvartal for Ekornes.

27.04.2021

I første kvartal 2020 fekk møbelprodusenten Ekornes kvartalet delvis øydelagt av nedstenginga av samfunnet for å stoppe koronasmitte.

I løpet av våren og sommaren skaut møbelsalet fart igjen, etterkvart som folk pussa opp og skifta ut møblar når smitteverntitaka uansett gjorde at dei måtte halde seg heime.

Den gode utviklinga som starta då har halde fram også inn i 2021, viser kvartalsrapporten frå Ekornes QM Holding, som er offentleggjort i dag.

Les børsmelding her

Vekst på alle felt
Stressless-møblane er Ekorneskonsernet sine viktigaste produkt og sto for 774 millionar kroner av driftsinntektene i 1 kvartal (74 prosent).

Samanlikna med 1. kvartal 2020 auka driftsinntektene frå Stressless-møblamen med ni prosent, for Svane-madrassen med 32 prosent og for IMG-møblande med 54 prosent.

Ordrereserven auka med 27 prosent, til over ein milliard kroner.

838 nye tilsette
Samanlikna med slutten av juni i fjor og fram til i dag har Ekorneskonsernet auka bemanning med 838 tilsette, til 3007.

Omlag 150 av desse nye jobbane har kome i Noreg, storparten av dei på Nordvestlandet. Resten av bemanningsauken har kome i Ekornes-konsernet sine fabrikkar og anlegg i utlandet.

Grunnen til at bemanningsauken er størst ute er at den høge automatiseringsgraden i Noreg gjer det råd å auke produksjonen der utan ein tilsvarande grad av bemanningsauken som ute, ifølgje selskapet.

Ekornes QM Holding as
1. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekter1043,8883,7
Driftsresultat162,10,4
Resultat før skatt111,016,0

Publisert: 27.04.2021 13:08

Sist oppdatert: 25.08.2021 13:01

Mer om