If nordvest forsikringssenter foto privat 11
HEIDERSUTMERKINGAR: If Nordvest Forsikringssenter har fleire gonger utmerka seg i If-systemet og henta heim prisar for beste kontor. Her blir Stig Haugland intervjua på scena i samband med ei prisutdeling i 2018. Foto: Privat
Nytt

Rekordomsetning for If på søre

Tidlegare storscorar for Hødd leiar verksemd med solid overskot på forsikring.

Marius Rosbach
02.03.2022

Mykje har skjedd sidan Stig Haugland starta som «einsleg svale» på Ulstein-kontoret til forsikringsselskapet.

For 15 år sidan var han einaste If-tilsette i Ulsteinvik. I dag har forsikringsselskapet kontor med 13 årsverk i sunnmørsbyen.

Selskapet If Nordvest Forsikringssenter sette i fjor omsetningsrekord i fjor med knappe 21,5 millionar (sjå tabell under).

If Nordvest Forsikringssenter

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
21,4
21
Driftsresultat
5,5
5,8
Resultat før skatt
5,5
5,8

Rekordgod lønnsemd
Lønsemda i fjor var også mellom dei beste selskapet har levert, med eit resultat før skatt på 5,5 millionar. Det gir ein resultatmargin på kring 25 prosent.

– Resultatet er skapt av høgt salgsvolum og bonusar som følgje av at svært mange av kundane våre vel å fornye. Dei tilsette gjer tydeleg ein god jobb både i innsal og service, fortel Haugland til NETT NO.

Han fortel at bakgrunnen frå fotballen har gjort at han heile tida liker å utvikle seg - og å bli betre. Det er ei haldning Haugland har teke med seg inn i forretningslivet.

Samla utbytte på 18,1 millionar
Dagens selskap blei oppretta i 2016 med Stig Haugland som eineeigar, gjennom morselskapet Nordvest As.

Omsetninga i 2017 til 2019 låg kring 15 til 18 millionar, men gjorde eit hopp i 2020 til 21 millionar.

Lønsemda har heile tida vore på eit høgt nivå, som har gitt rom for eit samla utbytte på drygt 18,1 millionar kroner i desse åra.

Haugland fortel at midlane er overført til morselskapet, som mellom anna har investert i ein næringseigedom i Ulsteinvik sentrum. Personleg har han ikkje teke utbytte frå verksemda på mange år, påpeiker Haugland.

Kåra til årets kontor
Kontoret som den tidlegare storscoraren for Hødd har bygd opp, har gjort seg bemerka i If-systemet med gode prestasjonar.

Dei tre siste åra har dei vore nominert som beste kontor - og vunne prisen to gonger. Haugland fortel at dei også har vunne salskonkurransar og nokre individuelle prisar i same perioden.

Hausten 2018 omtala Vikebladet at selskapet vann heile fem prisar under If-systemet si årlege heidersutmerkingar.

Publisert: 02.03.2022 05:55

Sist oppdatert: 01.03.2022 23:46

Mer om