Eid elektro
Tore Hjelle er dagleg leiar og største aksjonær i Eid Elektro. Firmaet hadde eit superår i fjor - og fekk samtidig inn fleire av dei tilsette inn som nye eigarar. Foto: Eid Elektro
Nytt

Rekordoverskot, nye eigarar og større lokale

Stor pågang frå utanlandske friarar, men Eid Elektro er framleis 100 prosent lokaleigd.

Marius Rosbach
19.05.2025

Elektrofirmaet i Eid står støtt på eigne bein etter at dei har lagt bak seg eit nytt rekordår. 

Omsetninga i fjor auka med drygt 30 prosent samanlikna med året før – og stoppa først på 242 millionar. Også overskotet skaut i veret og fjoråret enda med eit resultat før skatt på over 25 millionar – det største nokon gong for Nordfjordeid-bedrifta. 

– I fjor blei det jobba alt remar og tøy kunne halde, og vi hadde eit veldig høgt aktivitetsnivå, fortel dagleg leiar og medeigar Tore Hjelle til Nett No.

Har vekse med kundane
Hjelle seier at dei aldri hatt vekst som eit mål i seg sjølve. I staden har dei hatt merksemda på kundane sine, og lagt «stein på stein». 

Og når kundane veks – gjer Eid Elektro det same. 

Elektrifisering er ein kraftig drivar for bransjen. I fjor hadde dei mellom anna mykje oppdrag med ladestasjonar for bilar, båtar og bussar, fortel Hjelle. 

Også Maritim industri og oppdrett er vekstområde for bedrifta. Det same er oppdrag til datasenteret til Lefdal Mine. 

– I fjor hadde vi også store leveransar til Nordic Mining, fortel Hjelle. 

Eid Elektro As  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt242,2182,1
Driftsresultat24,316,1
Resultat før skatt25,316,6

Fleire tilsette inn som eigarar
Eid Elektro har i fleire år hatt stor pågang med utanlandske investorar som vil kjøpe seg inn. 

– Slik er det framleis. Det er ei enorm aktivitet innan oppkjøp og konsolidering i elektrobransjen, seier Hjelle. 

I staden for å la seg freiste av eventuelle bod frå utlandet, har dei fått ny fleire lokale eigarar i morselskapet (sjå oversikt under). Det er Ove Kjøllesdal og Ståle Bruvoll som er selt sine eigarpostar  – tilsvarande kring 33 prosent av aksjane.

Alle eigarane i Eid Elektro

  • Hjelko AS v/Tore Hjelle 40 %
  • Joa AS v/Asle Ronny Henden 20 %
  • Solvang investering AS v/Terje Solvang 20 %
  • Bjarte Dahlgren 4,13 %
  • Ivar Brendehaug 3 %
  • Mikke Holding AS v/Harald Joakim Mikalsen 2,37 %
  • Aabrekk Invest v/Øystein Aabrekk 2 %
  • Jon Arne Hjelle 2 %
  • Kalvatsvik Invest AS v/Erlend Kalvatsvik 2 %
  • Lewels AS v/Lars Leite 2 %
  • Man-Invest AS v/Martin Nygård 2 %
  • Asle Arnestad 0,5 %

Alle dei nye eigarane nøkkelpersonar som jobbar i Eid Elektro – og selskapet er framleis 100 prosent lokalt eigd, fortel Hjelle. 

– Det er vi stolte av, legg han til. 

Hjelle held fram som største eigar med 40 prosent, Asle Ronny Henden og Terje Solvang er dei to største eigarane elles med 20 prosent kvar.

Rekneskapen til Eid Elektro viser at det vart teke utbytte på ti millionar etter det gode fjoråret. Det fyller opp kassa i morselskapet Eidel Invest i staden for å gå til eigarane. 

Planlegg nybygg
Den auka aktiviteten gjer det naudsynt med meir plass. Per i dag leiger dei lagerareal i fleire nabobygg. 

No blir det planlagt å oppføre eit nybygg. Det vil gi totalt 6000 kvadratmeter produksjonsareal og binde saman eksisterande bygg.

Hjelle fortel at det er snakk om ein høghall med traverskran for å kunne handtere større tavler og containerar, i tillegg til ny kantine og kontorer i front. Bedrifta har også produksjon i Bergen og montørbasar på Syvde og Stadlandet. 

Hjelle fortel at dei ligg an til eit godt år i 2025, men utan den same veksttempoet som har vore. Ordrereserven er også solid, opplyser styret i årsmeldinga som nyleg blei offentleg. 

Mykje av veksten dei siste åra, har kome som eit resultat av ei offensiv satsing på lærlingar
Tore Hjelle

Suksess med lærlingar
Tilgangen på nok tilsette har vore ei tilbakevendande utfordring for firmaet. Dei har likevel lukkast i å vekse – og bikka 100 tilsette kring nyåret.

Hjelle fortel at det knapt er mogleg å få tak på elektrikarar. I staden har dei ein strategi om å ta inn lærlingar frå lokalmiljøet. Kring sju lærlingar årleg har det vore i det siste – og tilgangen frå regionen er god. 

– Målet er å lage våre eigne fagarbeidarar, og det har vi drive med lenge. Vi ser at det betalar seg, og mykje av veksten dei siste åra, har kome som eit resultat av ei offensiv satsing på lærlingar, seier Hjelle. 

Publisert: 19.05.2025 13:17

Sist oppdatert: 19.05.2025 13:23