Eid Elektro Tore Hjelle innfelt foto Eid Elektro
BREMS: Eid Elektro på Nordfjordeid er i kraftig vekst, men kunne tatt på seg enda fleire oppdrag om selskapet hadde fått tak i nok folk. Tore Hjelle (innfelt) er dagleg leiar og største aksjonær. Foto: Eid Elektro
Nytt

Må seie nei til oppdrag

Tore Hjelle i Eid Elektro kunne tilsett 10 personar på dagen. Utfordringa er å få tak i dei.

12.04.2024

Så seint som torsdag måtte dagleg leiar og medeigar Tore Hjelle i Eid Elektro takke nei til oppdrag på grunn av kapasitetsmangel.

– Eg kunne tilsett 10 på dagen, seier han.

Selskapet er ein av dei leiande leverandørane av elektrotavler i den norske marknaden, og har sterk vekst innanfor samferdselsprosjekt, datasenter, fiskeoppdrett og elektrifisering av alle typar køyretøy, ferger og offshore. Selskapet har også hatt god aktivitet innanfor installasjonsmarknaden i Nordfjord, trass i at det har vore nedgangstider, fortel Hjelle.

– Vi har flinke tilsette som gjer ein kjempejobb, og alle avdelingar leverer gode resultat, seier Hjelle.

Inntektsrekord seks år på rad
Held 2024 fram som det har starta, passerer Eid Elektro 200 millioner kroner i driftsinntekter i år med god margin.

Det blir i så fall det sjette året på rad med ny inntektsrekord for selskapet, som også har greidd å kombinere veksten med god lønsemd (sjå tabell under).

Med vekst aukar også talet på tilsette.

Per i dag har Eid Elektro 93 på lønningslista. I løpet av året reknar Hjelle med at arbeidsstokken har passert 100 personar.

Rekrutteringsutfordring
Men Hjelle skulle helst hatt alle dei nye tilsette allereie i dag, og fleire til.

– Den store utfordringa er rekruttering, seier han.

Selskapet greier ikkje å få tak i nok fagarbeidarar og lærlingar og bøter på det med å tilsette folk med nærliggande fagleg bakgrunn i tavleproduksjon. Desse tilsette får eit opplegg der dei kan ta fagutdanning medan dei er i arbeid hos Eid Elektro.

Bakgrunn:

Friarar
I fjor skreiv Hjelle ein artikkel i nettavisa Elektro 24/7 der han fortalde at utanlandske kjøparar sto i kø for å kjøpe seg inn i norsk elektrobransje.

Det er tilfelle også i dag, og seinast denne veka har han fått ein forespørsel frå ein utanlandsk interessent. Og kvar veke kjem pressemeldingar om nye oppkjøp i bransjen, seier Hjelle til Nett No.

Utviklinga skaut fart då den norske formuesskatten vart heva. Den auken råkar berre nordmenn.

– Det er ingen tvil om at formuesskatten bidreg til eit massivt utsal av norske bedrifter til utanlandske aktørar. Dei (utanlandske investorar, red. merk.) veit at norsk eigarskap er trua. Det er synd, for det er veldig lite sannsynleg at desse bedriftene kjem attende på norske hender. Og på sikt kjem dette til å få store konsekvensar, seier Hjelle.

Eid Elektro As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt182,1162,9
Driftsresultat16,115,9
Resultat før skatt16,616,0

Publisert: 12.04.2024 08:52

Sist oppdatert: 12.04.2024 08:52

Mer om