Eid Elektro slo alle rekordar
Rekordomsetning og rekordresultat i fjor. No ventar storoppdrag.
Fjoråret vart eit nytt rekordår for Eid Elektro på Nordfjordeid. Selskapet omsette for 162,8 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på solide 16,0 millionar. Begge deler er nye rekordar for eit selskap som i 2016 første gong passerte 100 millionar kroner i driftsinntekter.
Eid Elektro | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 162,8 | 151,2 | |
Driftsresultat | 15,8 | 14,6 | |
Resultat før skatt | 16 | 14,5 |
Kompleks Sandane-jobb
Selskapet har no 86 tilsette, der ni er kvinner. I tillegg til å vere ein av dei leiande leverandørane av elektrotavler i den norske marknaden, driv selskapet primært med installasjonstenester i Nordfjord og på søre Sunnmøre.
Selskapet held i dag til i eigne lokale på over 4000 kvadratmeter i Øyane Industriområde, som inneheld lager, tavleverkstad, kantine/møterom, kontor og garderober. I tillegg har ein avdeling for tavleproduksjon i Bergen og fleire montørbasar.
Eitt av dei siste oppdraga gjeld totalrenovering av alt det elektriske ved Rema 1000 sin butikk på Nordfjordeid. Selskapet har også nyleg avslutta arbeidet ved Sande Settefisk på Sandane, eit prosjekt som vert karakterisert som eitt av dei mest komplekse prosessinstallasjonane som ein har levert.
Kjempeoppdrag
Men det store prosjektet framover er knytt til Lefdal Mine Datacenter, der Eid Elektro vann kontrakten på å levere dei elektriske tavlene i datasenteret.
Prosjektet siktar på å digitalisere den elektriske infrastrukturen mykje tidlegare i drifta enn det som er vanleg. Fullverdig digitalisering av tavlene er noko som er nytt i marknaden og ein av hovudårsakene til at Eid Elektro er med i dette innovasjonsprosjektet, eit prosjekt som er støtta med fem millionar kroner av Innovasjon Norge.
Eid Elektro samarbeider i prosjektet med Måløy-baserte Localhost, og dei to selskapa skal legge 20.000 arbeidstimar inn i prosjektet, som skal vare i 18 månadar.
Prispress
Styret skriv i årsrapporten at det er stort prispress i marknaden, men at ein har forsøkt å møte dette med forbetra lokale, betre drift og kostnadsreduksjonar.
Den samla eigenkapitalen er no på 30,3 millionar kroner, og den langsiktige gjelda 1,1 millionar.
Største eigarar er Tore Erik Hjelle med 40,0 prosent og Ove Martin Kjøllesdal med 27,3 prosent.
Andre eigarar er Asle Ronny Henden, Terje Solvang, Ståle Bruvoll, Bjarte Egil Dahlgren, Jon Arne Hjelle og Ivar Brendehaug.
Les også
Publisert: 29.03.2023 14:14
Sist oppdatert: 30.03.2023 02:35