Hovden Viking
HØGE PRISAR: Fartøyet Hovden Viking bidrog til rekordinntekter for Hovden Senior i 2022. Foto: Hovden Senior AS
Nytt

Rekordår for Hovden Senior

Høge råvareprisar og god ressursutnytting bidrog til rekordår for fiskeribedrifta.

Linn Antonie Vårdal Solheim
02.06.2023

Folk et norsk fisk som aldri før, og globalt har etterspurnaden etter fersk sjømat auka jamt og trutt dei siste åra. For det Selje-baserte selskapet Hovden Senior blei 2022 eit år med rekordomsetning og vekst i lønnsnivået blant dei tilsette.

Snittet på løn, lott og hyre per årsverk i Hovden Senior låg i fjor på over 1,4 millionar.

Styreleiar Ole Theodor Hovden seier fleire faktorar har bidrege til å sikre det gode resultatet.

- Blant anna har prisen på fisk gått opp, og vi har i 2022 også klart å fiske opp nesten alt i kvota. Hovudårsakene til at det har gått så bra som det har gjort er at vi har klart å utnytte kvotegrunnlaget på ein så god måte som mogleg, fortel Hovden.

Navigerer nye farvatn
Hovden Senior fekk overlevert skipet MS Hovden Viking i 2018. Ein suksessfaktor for bedrifta i 2022 var effektiv ressursbruk. Selskapet har teke grep for å best mogleg utnytte aktivitetskapasiteten i periodar kor det ikkje har vore mogleg å drive fiske.

- Vi har hatt tilleggsinntekter på Hovden Viking i forbindelse med oppdrag knytt til oljevernberedskap, og for Havforskningsinstituttet, fortel Ole Hovden til NETT NO.

Ole hovden foto privat
STYRELEIAR: Ole Theodor Hovden er styreleiar i Hovden Senior AS. Foto: Privat

Uklare offentlege føringar
I følgje Ole Theodor Hovden er fiskerinæringa avhengig av klare og føreseielege rammer der både berekraftig ressursforvaltning og økonomisk vekst blir teke omsyn til. Dei siste åra har det vore blanda signal i føringane frå myndigheitene, og dette skaper utfordringar når næringa skal planlegge for framtida.

- Det å ikkje vite kva rammer vi har å forholde oss til frå det offentlege i åra framover er vanskeleg å planlegge utifrå, og kastar ein skugge over oss og næringa. Kvotemeldinga har vi til dømes venta lenge på, og den er framleis ikkje på plass. Eventuelle endringar i regelverket rundt strukturkvoter og andre føringar som kjem frå i kvotemelding vil kunne ha store ringverknader for drifta vår, både i positiv og negativ forstand, seier Hovden.

Ambisjonar om vidare vekst
I følgje bedrifta, har den stor tru på framtida og fiskerinæringa, og ønsker å ta del i satsinga på fisk som matkjelde i åra framover.

- Summen av det heile og uforutsigbarheita som rår gjer at det er utfordrande å planlegge langt fram i tid. Det er vanskeleg å vite kva trekk som kjem frå det offentlege, og gjer det vanskelegare å satse enn kva vi ønsker, seier han.

Hovden er klar på at det er fisk selskapet ønsker å drive med, men at dei er klare for å omstille seg dersom det blir naudsynt.

- Vi har som intensjon å utvikle selskapet vidare. Vi har absolutt ambisjonar om å vekse, men det er på noverande tidspunkt vanskeleg å seie noko om korleis det skal skje. Vi er fiskeriselskap i dag, men om rammene for å drive fiske ikkje er til stades så må vi endre oss og tilpasse oss, seier Hovden.

Hovden Senior AS
Tal mill. kroner20222021
Driftsinntekter64,944,5
Løn, lott og hyre19,414,0
Driftsresultat19,39,5

Publisert: 02.06.2023 09:20

Sist oppdatert: 02.06.2023 23:49

Mer om