Det spår Martin Foldal, dagleg leiar i Sunnmøre Kulturnæringshage. Sunnmøre Kulturnæringshage jobbar med å kommersialisere bedrifter i kultur- og kommunikasjonsbransjen mellom anna med utspring i miljøet på Høgskulen i Volda.
- Marknaden endrar seg raskare enn utdanningsløpet gjer. Det er mange som kjem ut med ei lang utdanning, men blir nøydde til å bli sjølvstendig næringsdrivande, seier Foldal.
I førre veke møtte han ferske entreprenørskapsstudentar på Høgskulen i Volda for å gi dei gode råd basert på eigne erfaringar.
Høgskulelektor Janne Heggvoll seier studiet går over eitt semester og utgjer 15 studiepoeng, som utgjer halvparten av den normerte arbeidsmengda i eitt semester. Studentane kjem frå fleire ulike studiar; PR, media, IKT-design og Naturguidingstudiet.
Foldal seier utfordringa for mange som tek utdanning innan kulturnæringar, frå media til arkitekttur, er å få sin første jobb. Selskapa i bransjen vil ha folk med erfaring. Då må dei skape sin første arbeidsplass sjølv, om dei ikkje skal ende i andre yrke enn dei utdannar seg for.
- Den første jobben vil dei slite med å finne. Det er heilt openberrt at dei som leverer utdanninga også lærer dei (studentane, red. merk) korleis dei skal drive buisniness, seier Foldal.
- Marknaden endrar seg raskare enn utdanningsløpet gjer. Det er mange som kjem ut med ei lang utdanning, men blir nøydde til å bli sjølvstendig næringsdrivande, seier Foldal.
I førre veke møtte han ferske entreprenørskapsstudentar på Høgskulen i Volda for å gi dei gode råd basert på eigne erfaringar.
Relansering
Studietibodet er relansert i år etter at tilbodet har ligge brakk sidan 2015.Høgskulelektor Janne Heggvoll seier studiet går over eitt semester og utgjer 15 studiepoeng, som utgjer halvparten av den normerte arbeidsmengda i eitt semester. Studentane kjem frå fleire ulike studiar; PR, media, IKT-design og Naturguidingstudiet.
Viktig tilbod
I løpet av studiet skal studentane vere med på å utvikle idear og etablere eigne studentbedrifter som dei skal drive fram til eksamen i mai.Foldal seier utfordringa for mange som tek utdanning innan kulturnæringar, frå media til arkitekttur, er å få sin første jobb. Selskapa i bransjen vil ha folk med erfaring. Då må dei skape sin første arbeidsplass sjølv, om dei ikkje skal ende i andre yrke enn dei utdannar seg for.
- Den første jobben vil dei slite med å finne. Det er heilt openberrt at dei som leverer utdanninga også lærer dei (studentane, red. merk) korleis dei skal drive buisniness, seier Foldal.
Publisert: 23.01.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17