Rentekampanjer held bilsalet oppe
Ørsta Bil-sjef venta nedgang i fjor, fekk rekordår.
- I fjoråret var vi heldig med modellane, seier Ford- og Nissan-forhandlar Kjell Krumsvik i Ørsta Bil.
Han hadde venta seg ein liten nedgang i salet samanlikna med 2022, men selskapet fekk i staden den høgste driftsinntekta det har hatt, og auka lønsemd (sjå tabel).
Ford sin elbil Mustang Mach-E og Nissan sin nye modell Ariya var bestseljarane. I tillegg fekk Ørsta Bil draghjelp av Ford sine varebilar. Krumsvik rosar og dei tilsette.
- Vi har ein veldig god og stabil gjeng på huset, med lite fråver, seier han.
Rentekampanjar
Også i år ligg an til å bli eit godt år, sjølv om Krumsvik ikkje reknar med å overgå fjoråret.
Rente- og kostnadsauke bit, men bilimportørane har svara med rentekampanjar. Lån i tre år med 0,24 prosent fastrente ved kjøp av ny bil held nybilsalet oppe. Det gjer at nybilsalet held seg på eit nokolunde normalt nivå, ifølgje Krumsvik.
Krumsvik er største eigar (23,6 prosent) av Ørsta Bil gjennom selskapet Smiebakken.
Styreleiar og salssjef Cato Eiksund Rogne eig 19,8 prosent og servicemarknadssjef Arne Henrik Østgaard og verksmeister Johannes Arne Sporstøl eig 16,9 prosent kvar.
Ørsta Bil as | ||
Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 97,0 | 90,2 |
Driftsresultat | 5,2 | 3,9 |
Resultat før skatt | 4,9 | 3,8 |
Nedgang i Ulstein
Hyundai og Maza-forhandlaren Ulstein Bil, som var først av bilforhandlarane på Nordvestlandet med å offentleggjere 2023-rekneskapen, hadde nedgang i inntektene i 2023.
Dagleg leiar Gunnar Olav Eiksund fortalde i februar i år om eit krevjande 2023, spesielt siste kvartal.
– Vi er likevel nøgd med fjoråret i ein situasjon der mange bilforhandlarar slit, og kjem ut med minustal, sa han til Nett No.
Ulstein Bil selde relativt fleire bruktbilar, som delvis kompenserte for redusert nybilsal.
Publisert: 21.05.2024 12:27
Sist oppdatert: 21.05.2024 12:28