Olav mestad foto ålesund kommune 11
BER FOLK VERE BEVISST: Kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund oppmodar folk om å følge med på symptom og teste seg om dei kjenner seg sjuke. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Restaurant stengt etter besøk av smitta

Fleire nye smitta har vore på spisestad i Ålesund. Tilsette og nærkontaktar i karantene.

Marius Rosbach
22.04.2021

Ålesund kommune fekk onsdag melding fem nye smittetilfelle. Tre av dei smitta har vore gjester ved restauranten Anno laurdag 17. april i to uavhengige lag, opplyser kommunen i ei melding.

Restauranten er stengt inntil vidare og gjestar som har vore på spisestaden frå klokka 14 laurdag, vert kontakta av smittesporingsteamet.

Servitørane som var på arbeid denne dagen, vert også sett i karantene og testa.

- Sjølv om samfunnet åpnar forsiktig opp igjen og smittetala har vore fallande, er vi i ein svært ustabil situasjon. Smitten kan raskt blusse opp igjen. Råda om å avgrense sosial kontakt og ha få nærkontaktar står ved lag. Kjenner ein seg sjuk, skal ein vere heime og teste seg. Vi må framleis følge smittevernreglane, seier kommuneoverlege Olav Mestad i meldinga.

Ein anna person har testa positivt på koronasmitte etter reise til fritidsbustad i anna kommune og ytterlegare ein person er smitta. Smittekjelde er ikkje kjent, og nærkontaktar er sett i karantene.

Også tidlegare i veka er det oppdaga fleire nye smittetilfelle i Ålesund. Ei oppdatert oversikt ligg på heimesida til kommunen.

Publisert: 22.04.2021 09:53

Sist oppdatert: 22.04.2021 13:56

Mer om