Revansj for utvandra moebel sjef
TIGEREN FRÅ THAILAND: Nils Gunnar Hjellegjerde sel møbelprodusenten IMG til Ekornes. 
Nytt

Revansj for utvandra møbel-sjef

Etter svake resultat og hard maktkamp i Hjellegjerde fekk Nils Gunnar Hjellegjerde nok, og gjekk av våren 2001. No er han attende på den norske møbelscena.

16.12.2013
- Vi har vist at den strategien vi har følgd har vore suksessrik. Det er ein god følelse, seier Nils Gunnar Hjellegjerde (47).
Sidan 2006 har han bygd opp IMG (Internasjonal Møbel Gruppe) til eit selskap med nesten 300 millionar kroner i driftsinntekter, tre fabrikkar i Asia og eit internasjonalt fotfeste for sine kvilestolar og sofagrupper.
No vil Ekornes kjøpe heile selskapet for å sikre seg eit nytt bein å stå på.
Ekornessjef Nils-Fredrik Drabløs trur IMG-kolleksjonen kan kome til å stå for opp til halvparten av driftsinntektene til Ekornes om nokre år.

Comeback i møbel


Då karrieren som Hjellegjerdesjef var over, var det få som trudde på eit comeback i møbelbransjen for Nils Gunnar Hjellegjerde. Returen smakar godt, vedgår han.
- Pengar er ein ting, men det er også det å vise at dette kan eg få til, seier Hjellegjerde.
Begge partar understrekar at det førebels er snakk om ein intensjonsavtale, og vil heller ikkje opplyse kva pris det kan bli snakk om. Men det er neppe tvil om at Hjellegjerde sin karriere etter at han slutta i det familiedominerte Hjellegjerde-konsernet har vore ein suksess.
Det kan han mellom andre takke kona og faren for.

Kniven på strupen

Då Nils Gunnar Hjellegjerde gav seg etter

tre år som toppsjef i Hjellegjerde ASA i 2001, sa han til Dagens Næringsliv at han ville pakke sekken og dra på loffen i Asia. Kjærasten hadde gitt utttrykk for at han fekk velge mellom henne eller jobben, og det i så sterke ordelag at formuleringane ikkje passa seg på trykk.
Asiaturen blei ikkje akkurat ein ferietur. Nils Gunnar Hjellegjerde enda opp med å ta eit eitt-års engasjement for Hjellegjerde ASA, som fabrikksjef for Hjellegjerde sin produksjon i Thailand, ein fabrikk han sjølv hadde fått i drift.
- Det var på ein måte litt min baby, seier han.
Det eine året blei til det andre. Heilt fram til 2006, då sjansen til å kjøpe det som i dag er blitt til IMG (Internasjonalt Møbel Gruppe) baud seg.

Fram med tigeren

Nils Gunnar Hjellegjerde hadde i grunnen det greit som det var. Han og kjærasten hadde gifta seg, og livet var komfortabelt. Kanskje litt for komfortabelt? Nils Gunnar rådførde seg med faren, Oddvar Hjellegjerde.
Skulle han satse på å å bygge opp si eiga bedrift, eller ei?
- Eg trur du må fram tigeren i deg, var svaret.

Tre fabrikkar

Nils Gunnar Hjellegjerde la rundt fem millionar kroner på bordet for å få hand om det som i dag er IMG-systemet. Pengane kom fra salet av Hjellegjerde-aksjar etter at han gjekk av.
- Eg tok all kapitalen eg hadde og investerte, seier Hjellegjerde.
I starten var det berre snakk om ein fabrikk i Bangkok i Thailand. No skjer rundt to tredjedeler av produksjonen i to fabrikkar i ein industripark ved Ho Chi Minh-byen.
All produkt- og teknologiutvikling skjer i heimbygda Sykkylven. Dei 13 tilsette der har og hand om marknadsføring verda over, og salsarbeidet i Skandinavia, medan Nils Gunnar Hjellegjerde styret verksemda frå sin nye heimby, Bangkok.
Passet er framleis norsk, med det er Thailand som er heime no.

Opplyst einevelde

Då han forlet Sykkylven var Hjellegjerde-konsernet framleis eit familiedominert selskap, sjølv om det var blitt børsnotert. Tilbake i tid var selskapet ein konkurrent til Ekornes. Men medan Ekornes vaks seg stor og sterk, vart Hjellegjerde lite og svakt. ().
Nils Gunnar Hjellegjerde seier dette om kvifor han slutta i 2001:
- Vi var litt ueinige om den strategiske retninga selskapet skulle ta.
Han meiner mykje av grunnen til at det gjekk unnabakke med Hjellegjerde ASA ligg i usemje eigarane i mellom om kva selskapet skulle satse på.
- Eg trur eit selskap treng ein eigar med ein klar strategi, seier han.
Hos IMG har han satsa på eit opplyst einevelde. IMG-systemet er sett saman av fleire selskap, med litt ulik eigarsamansetning, men med Hjellegjerde som den største eigaren. Han sjølv eig 60-70 prosent i IMG-systemet.

Tid for eigarskifte

Hjellegjerde meiner det er fornuftig med eit eigarskifte no: IMG er blitt relativt stort, den første gründerfasen er over og bedrifta kan tene på å kome inn i eit større system. Dessutan vil IMG tene på Ekornes sitt distribusjonsnettverk i USA og på kontinentet i Europa, der IMG står svakt eller manglar fotfeste.
- For å kunne vekse enda meir framover treng vi hjelp av eit nettverk, seier han.

Barna tek over

Familien i Thailand har gått frå to til fem, og det blir dei tre barna som kjem til å eige storparten av formuen familien har bygd opp, med Nils Gunnar som den avgjerande minoritetsaksjonæren med full styringsrett inntil vidare.
Eg trur du må fram tigeren i deg

Publisert: 16.12.2013 16:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30