Reve Norge har framleis eit problem
EKSPORTEVENTYR: – Eg etterlyser nye eksporteventyr som kan ta den posisjonen som ein del av dei store skipsbyggjarselskapa har hatt, seier BI-professor Torger Reve.
Nytt

Reve: – Norge har framleis eit problem

Torger Reve er uroa over at eksportandelen stadig går ned. – Omstillingsjobben er ikkje ferdig, den har så vidt begynt, meiner BI-professoren.

Marius Rosbach
30.08.2019

Moglegheitene og utfordringane med næringsverksemd knytt til havet, stod på agendaen då DNB inviterte til seminar om det sokalla havrommet ved NMK-bygget i Ålesund.

Frå både politisk hald og næringslivet sjølv blir det påpeika kva for store moglegheiter som ligg i havnæringane. BI-professor Torger Reve meiner det er grunn til å problematisere det han kalla «avhengigheita til havet».

– Norge har framleis eit problem, sa Reve og peika på at ingen andre land i Europa har tapt meir eksportvolum enn Norge dei siste 20 åra.

– Omstillingsjobben er ikkje ferdig
I 2018 utgjorde dei store eksportnæringane olje- og gass, maritim og offshoreindustri, havbruk og kraftkrevjande industri framleis 81 prosent av norsk eksport.

I åra frå 2012 til 2018 har «andre næringar» berre gått vekse frå 16 prosent, til 19 prosent i fjor.

nettnohalf

Konklusjonen til Reve er at Norge enno ikkje har klart omstillinga frå olje- og gass.

– Vi driv i stor grad med det vi har gjort tidlegare. Omstillingsjobben er ikkje ferdig. Den er så vidt begynt, sa han.

Havbruk og vindkraft er unntak
BI-professoren peika på at nær sagt alle dei tradisjonelle eksportnæringane taper marknadsandelar.

– Unntaket er havbruk og sjømat som er i vekst. Men det er berre laksen som driv dette, påpeika Reve.

Han meiner ein heilt avgjerande faktor for at havbruksnæringa skal vere ei vinnarnæring i framtida, er at den er berekraftig.

Samtidig er han spent på moglegheitene for vindkraft til havs, som er mellom dei einaste eksportnæringane han trur kan vekse mykje.

Les også: Skremt av eksporttap

Eksportbedriftene i fylket gir jobb til 46.000 personar

Møre og Romsdal taper terreng
Møre og Romsdal sin posisjon som eksportfylket nummer ein er på hell, skal vi tru Reve.

– Mange av dei klassiske eksportnæringane som skipsbygging, er i ferd med å tape posisjonen, seier han og viser til nedgang hos dei store verftslokomotiva og leverandørselskapa.

– Maritim næring er i stagnasjon og det blir ikkje så mykje skipsbygging i Norge i framtida, meiner Reve.

Samtidig påpeikar han at mykje av det som før var eksport frå skipsindustrien, i dag går til ein avgrensa heimemarknad – som nye ferjer og brønnbåtar.

– Volumet gå ned og det har ikkje vorte noko nye eksportnæringar i fylket. Ein har ikkje funne nokon nye næringar som erstattar dei gamle tunge næringane, seier Reve.

Veksten i havbruk går i stor grad til fylka sør og nord for Møre og Romsdal, medan leverandørindustrien på Sør-Vestlandet truleg vil vere best posisjonert til å levere installasjonar til vindkraftindustrien.

Treng meir kommersialisering
Nøkkelen til å lukkast meiner han er å framleis satse på havklyngene - og auka samarbeid mellom klyngene. Samtidig treng ein høgre grad av kommersialisering her i fylke.

– Vi må bli langt flinkare til å kommersialisere og skalere globalt. Vi har alt for mange som driv med forsking og alt for få som driv med sal, seier Reve.


Publisert: 30.08.2019 06:43

Sist oppdatert: 15.10.2021 13:21