Krillbåt Stig Remøy montasje
GODTERI: Den nye krillbåten til Rimfrost, der Stig Remøy er storaksjonær og leiar, skal produserer store volum av krillhydrolysat som gir ein godteri-effekt til laksefôret.
Nytt

Rimfrost-krill får fart på lakseveksten

Fiskefôr-pellets med krillbasert overtrekk er som snop for ung oppdrettslaks.

03.03.2021

Dei første vekene etter at oppdrettslaksene blir sett ut i sjøen er ei kritisk fase, der matlysta kan vere skral og veksten dermed blir dårleg.

Forsøk som forskingselskapet Nofima - i samarbeid med Rimfrost - har gjort med krillhydrolysat viser at fôr med krillhydrolysat gav fisk på omlag 420 gram etter 12 veker i sjøen. Fisk som fekk det same fôret, men utan krillhydrolysat, vaks berre til 290 gram i den same perioden.

Les meldinga frå Nofima her

Det er altså snakk om ein vektforskjell på over 40 prosent.

Sjokoladeovertrekk

Krillhydrolysat er eit proteinprodukt frå krill, der proteinmolekyla er brotne ned i mindre deler - peptidar. Forskarane la hydrolysatet som eit overtrekk på fôrpelletsen, akkurat som sjokolade blir brukt som overtrekk på kjekskuler eller konfekt.

I sjøen blir krillhydrolysatet skilt ut og får fart på matlysta hos laksen, med større vekst som resultat.

Patentert prosess

Rimfrost har patent på prosessen for å lage hydrolysatet og store forhåpningar til kva det vil ha å bety for selskapet.

- Vi forventar at det blir eit veldig viktig produkt for Rimfrost, seier Karl-Erik Slinning, direktør for salg, forsking og utvikling i Rimfrost.

I 2022 får Rimfrost overlevert eit nytt fartøy som skal fiske krill i Sydishavet.

-Vi vil få eit stor volum av dette hydrolysatet produsert av heilt fersk krill, seier Slinning.

Over ein milliard

Det er verftsgruppa Westcon Group som skal utruste det nye krillfartøyet til over ein milliard norske kroner.

Kongsberg Maritime har designet, medan skroget blir bygd på Tersan-verftet i Tyrkia.

Den maritime klynga på Sunnmøre og andre norske verksemder vil få oppdrag for nærare ein halv milliard kroner som følgje av bygginga, skreiv Rimfrost i ei pressemelding sommaren 2020.


Vann i retten

Høgsterett sette i fjor punktum for ein årelang strid mellom Rimfrost og Aker Biomarine, med høvesvis Stig Remøy og Kjell Inge Røkke som storaksjonærar bak kvar sitt selskap.

Remøy vann.

Striden handla om retten til produksjonsteknologien i krilltrålaren Juvel, som vart seld til Aker Biomarine etter at eigaren, krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som største eigar - gjekk konkurs.

Aker Biomarine meinte teknologien var med på kjøpet, men retten konkluderte med at den låg hos Remøy-dominerte Rimfrost.

Det er denne teknologien som ligg til grunn for produksjonen av krillhydrolysatet som skal brukast i laksefôr.

Publisert: 03.03.2021 14:13

Sist oppdatert: 03.03.2021 15:25

Mer om