Etter salet av datterselskapet Brimer har Entec Group att datterselskapet Entec Evotec og eit ukjent beløp frå salet på konto.
Medeigar Jogeir Romestrand har overtatt konsernsjefjobben etter Håvard Haanes, som vart med på kjøpet då Brimer vart seld.
-Vi har masse moglegheiter for kva vi skal gjere framover, seier Romestrand.
Entec Evotec lagar mellom anna vinsjar og kraner for fiskeri, oppdrett og offshorebransjen. No blir det satsa meir på selskapet.
-No intensiverer vi vidare utvikling av Evotec, seier Romestrand.
Oppkjøp
Romestrand seier Entec Group ikkje har det travelt, men også ser etter ny investeringar etter at Brimer vart seld.
Det betyr også at oppkjøp blir vurdert.
Ikkje børs
I 2022 sa dåverande konsernsjef, Håvard Haanes, at Entec Group sikta mot børsnotering, mellom anna for å gi Midwest-fonda - som kom inn på eigarsida i 2016 - ein veg ut.
I staden blei det altså sal av Brimer - og eventuelt nye oppkjøp.
Publisert: 28.11.2024 16:20
Sist oppdatert: 28.11.2024 16:45