Børs og fleire oppkjøp i sikte
Entec Group er på veg ein «strategisk milepæl» hausten 2023.
Entec Group-konsernet siktar mot børs og milliardomsetning, ifølgje ei intervju med konsernsjef Håvard Haanes i Entec Group i Finansavisen.
Sunnmørskonsernet som i dag består at selskapa Evotec, Brimer og Servitech med base i høvesvis Ulsteinvik, på Kvamsøya og Sjøholt, har store vekstambisjonar.
Børs, eller oppkjøp neste år
Haanes fortel at konsernet har kome meir på radaren til investorar og det er naturleg at Midwest-fonda - som kom inn på eigarsida i 2016 – «ser etter ein veg ut».
– Mitt mandat er å gjere denne konstellasjonen klar for ein strategisk milepåle hausten 2023, anten i form av oppkjøp eller børsnotering på eiga hand, seier han til avisa.
No ser dei både etter ein kommersiell partnar, og selskap innan landbasert oppdrett og sjøforsvar-segmentet.
Siktar mot tre milliardar i 2025
Konsernsjefen fortel at konsernet omsette for 350 millionar kroner i 2021, og fekk eit resultat om lag i balanse. For 2022 reknar han med ei omsetning på over ein halv milliard og fleirdobling av driftsresultatet.
Ifølgje Haanes siktar dei seg inn mot ein omsetning på kring tre milliardar i løpet av tre år. Det skal skje både ved organisk vekst og oppkjøp.
Han reknar med at konsernet i løpet av den perioden har vekse med tre-fire nye selskap. Landbasert oppdrett og vindkraft til havs er mellom dei strategiske satsingane for Entec framover.
Publisert: 13.02.2022 18:19
Sist oppdatert: 13.02.2022 18:34