Rosar tilsette og aksjonaerar etter snuoperasjon
OPPTUR: 2019 vart ein skikkeleg opptur for Ulmatec Baro, og 2020 starta også godt.
Nytt

Rosar tilsette og aksjonærar etter snuoperasjon

Seismikkselskapa er i ferd med å gå tome for reservedelar frå skip i opplag. Det er godt nytt for Herøy-bedrift.

11.08.2020
Herøy-bedrifta Ulmatec Baro har spesialisert seg på utstyr til seismikkindustrien, og spesielt utstyr til sjølve seismikkoperasjonane.
Siste åra har rundt tretti av verdas seismikkskip vore operative, medan eit femtitals skip har lege i opplag. Dette har ført til at seismikkselskapa har brukt skipa i opplag som reservelager for dei operative skipa.
Men i fjor snudde det, og det vart på nytt bestilling av reservedeler og behov for service, i tillegg til bestilling av såkalla deflektorar og gun array til skyting av nodeseismikk.
- Det er god grunn til å rose både dei tilsette og aksjonærane for godt utført arbeid og støtte gjennom ein krevjande snuoperasjon, skriv dagleg leiar Iver Bjørnerem i ein epost til NETT NO.

Mest sal til Norge

Dette opplyser Ulmatec Baro i årsrapporten, eit selskap som auka omsetninga frå 34,7 millionar kroner i 2018 til 49,8 millionar kroner i fjor.
30 millionar av salet gjekk til Norge, medan 15 millionar gjekk til kundar i Asia.
Ein del av forklaringa til auken ligg også i at selskapet leverte produksjon til andre selskap i Ulmatec-familien og til eksterne kundar.
Resultatet før skatt enda på pluss 1,7 millionar kroner, mot heile 10,4 millionar kroner i minus året før.
Også i 2017 og 2016 gjekk Ulmatec Baro i minus, med 8,1 millionar i 2017 og 4,6 millionar året før.

God start på 2020

2020 starta også svært godt, med 40 prosent omsetningsauke, men styret opplyser at ein fryktar at covid-19 vil påverke utviklinga framover, spesielt på grunn av restriksjonar på å kunne gjennomføre sal og service i utlandet.
På den positive sida kjem derimot at det heller ikkje er så lett med outsourcing av verksemd, noko som kjem dei som produserer i Norge til gode.
Ulmatec Baro hadde ved årsskiftet 14 tilsette.
Selskapet har 26,9 millionar kroner i samla eigenkapital og ei langsiktig gjeld på 5,7 millionar kroner.
Stig Ulstein og hans familiegrein er hovedaksjonær med 60 prosent av aksjane, medan Ove Henriksen og Svein Bjørge eig 16 prosent kvar, og PGS Geophysical eig fire prosent.

Publisert: 11.08.2020 08:45

Sist oppdatert: 07.07.2021 08:49