Rostafett til inntekt for kreftsaka
KLARE FOR TUR: Frå venstre: «Lakseambassadør» Arne Hjeltnes, distriktssjef Eva Faanes i kreftforeininga, Robin Halsebakk og Petter Gunnarstein på brygga i Brosundet før avgang.
Nytt

Rostafett til inntekt for kreftsaka

Arne Hjeltnes tro til då oppdrettsnæringa starta ny tur med robåten Ronja Hope.

Marius Rosbach
27.05.2019
Robin Halsebakk og Petter Gunnarstein fra reiarlaget Sølvtrans gjer også denne sommaren ein innsats for kreftsaka i robåten Ronja Hope. Måndag la dei ut frå Brosundet i Ålesund på veg mot Lofoten.
Fleire gonger har Halsebakk og Gunnarstein samla inn pengar til Den Norske Kreftforeningen med god draghjelp frå oppdrettsnæringa. Denne gongen er det næringa sjølv som må gjere mesteparten av jobben med årene.

I fjor samla dei inn kring 800.000 kroner etter å ha rodd frå. Båten vart då auksjonert vekk og det var selskapet Europharma som fekk tilslaget.
Les meir:
Det er bakgrunnen for at turen denne sommaren går frå Ålesund til Leknes i Lofoten.
– Det stod med lita skrift at det var ein føresetnad om at vi skulle vere med å ro båten heim til Lofoten, seier Halsebakk til NETT NO halvt på spøk.

Vil vise kva sjømatnæringa betyr

På veg nordover skal dei skape blest om kreftsaka og dei får hjelp til å ro frå tilsette i oppdrett- og sjømatnæringa undervegs. Dei skal ikkje ro heile vegen, men truleg «haike» med brønnbåtar eller andre fartøy det måtte høve seg, for å nå fram i tide om kring to veker.
– Denne gongen er det oppdrettarane sjølv som skal ro. Vi skal berre vere med å ro første etappen. Samstundes vil vi vise kva havbruksnæringa og sjømat betyr for folk langs kysten og båten skal innom mange plassar der det ikkje truleg ikkje ville budd folk, om det ikkje var for lakseoppdrett, seier Halsebakk før turen tok til rett før klokka 12 måndag.

Hjeltnes lagar film

Måndag var gjestar frå bransjen samla på ein utestad i Ålesund der «lakseambassadør» Arne Hjeltnes fortalde om opplegget. Hjeltnes er legd inn av Europapharma for å lage ein film om heile reisa og samstundes kan du følgje aksjonen på ei .

– Undervegs skal vi besøke samfunn langs kysten som lev av oppdrett, med arrangement kvar plass. Eg har personleg erfaring med menneske som vert råka av kreftsjukdomen, så det er lett å seie ja, fortel Hjeltnes.
Sommaren 2017 samla også Robin Halsebakk og Petter Gunnarstein frå Sølvtrans inn til kreftsaka. Den gong fekk dei inn om lag éin million kroner.
Les meir:

Publisert: 27.05.2019 12:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35