Rostein har kontrahert ein ny brønnbåt på 2.800 kubikkmeter, fortel viseadministrarande direktør Glenn Bradley i eit innlegg på Linkedin.
Det er Larsnes Mek. Verksted i Sande kommune, der Rostein er storaksjonær, som skal bygge brønnbåten, opplyser verftet i ei pressemelding.
Den nye brønnbåten blir eit søsterskip av Ro Spirit og brønnbåt nummer 22 i Rostein-reiarlaget.
Brønnbåtar blir brukt til fakta av levande fisk, mellom anlegg og til slakteri. Dei blir osgå brukt til avlusingsoperasjonar.
Klar i 2027
Den nye brønnbåten skal vere klar i 2027.
Skroget blir bygd i Polen.
– Vi har kome litt i gang, seier Bradley om bygginga av den nye båten.
Kundane ville ha større kapasiet
– Vi opplever at kundane har veksande kapasitetsbehov, seier Bradley om årsaka til at reiarlaget har bestilt ny båt.
Den førre bestiilinga Rostein gjorde hos Larsnes kom i 2024. Det var ein brønnbåt med ein lastekapasitet på 3700 kubikkmeter og ein pris på nesten ein milliard kroner. I og med at den nye kontakten gjeld ein mindre båt har Nett No grunn til å tru at prisen er omlag 700 millionar kroner.
Nybygget blir det 13. i ein serie båtar som er designa av Skipskompetanse i Måløy.
Publisert: 19.01.2026 13:58
Sist oppdatert: 19.01.2026 17:43






