Ro spirit foto Rostein
SØSTERSKIP: Den nye båten blir eit søseskip av Ro Spirit (biletet). Foto: Rostein
Nytt

Rostein bestiller ny brønnbåt

Larsnes Mek. Verksted skal bygge fartøy til rundt 700 millionar kroner.

19.01.2026

Rostein har kontrahert ein ny brønnbåt på 2.800 kubikkmeter, fortel viseadministrarande direktør Glenn Bradley i eit innlegg på Linkedin.

Det er Larsnes Mek. Verksted i Sande kommune, der Rostein er storaksjonær, som skal bygge brønnbåten, opplyser verftet i ei pressemelding

Den nye brønnbåten blir eit søsterskip av Ro Spirit og brønnbåt nummer 22 i Rostein-reiarlaget.

Brønnbåtar blir brukt til fakta av levande fisk, mellom anlegg og til slakteri. Dei blir osgå brukt til avlusingsoperasjonar.

Klar i 2027
Den nye brønnbåten skal vere klar i 2027.

Skroget blir bygd i Polen.

– Vi har kome litt i gang, seier Bradley om bygginga av den nye båten.

Kundane ville ha større kapasiet
– Vi opplever at kundane har veksande kapasitetsbehov, seier Bradley om årsaka til at reiarlaget har bestilt ny båt.

Den førre bestiilinga Rostein gjorde hos Larsnes kom i 2024. Det var ein brønnbåt med ein lastekapasitet på 3700 kubikkmeter og ein pris på nesten ein milliard kroner. I og med at den nye kontakten gjeld ein mindre båt har Nett No grunn til å tru at prisen er omlag 700 millionar kroner. 

Nybygget blir det 13. i ein serie båtar som er designa av Skipskompetanse i Måløy. 

Publisert: 19.01.2026 13:58

Sist oppdatert: 19.01.2026 17:43

Mer om