Sveinung rotevatn foto ntb 11
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) karakteriserer IPCCs nye storrapport som dyster lesing. Her frå strandrydding i Oslofjorden tidlegare i sommar. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Nytt

Rotevatn om klimarapport: – Vi har framleis tid til å klare dette

Men miljøministeren meiner det må bli slutt på å krevje unntak.

09.08.2021

(NPK-NTB): Den nye storrapporten frå FNs klimapanel (IPCC) viser at oppvarminga av jordkloden ligg an til å nå 1,5 grader innan 20 år, sjølv med djupe kutt i utsleppa.

– Men det er mogleg å stoppe omtrent der og ikkje halde fram vidare oppover, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Han åtvarar mot å gi opp håpet.

– Det ser ekstremt vanskeleg ut å halde oppvarminga under 1,5 grader. Men målet i Parisavtalen er å halde oppvarminga under 2,0 grader og ned mot 1,5 grader. Jo nærare 1,5 grader vi klarer å komme, jo betre er det, seier Rotevatn til NTB.

– Vi har framleis tid til å klare dette. Det er ikkje håplaust.

Åtvarar mot unntak
Rotevatn meiner samtidig at rapporten viser alvoret i situasjonen.

– Så alle diskusjonar om å svekkje klimapolitikken no, bør vere heilt umoglege, seier han.

Han viser til at Stortingets vedtak om å gjere unntak for avfallsbransjen frå CO2-avgift og krav frå parti som Frp og Sp om at CO2-avgifta ikkje må føre til auka pumpepris.

– Det å snakke om å svekkje klimapolitikken framover, gi ulike unntak og seie at enkelte skal sleppe å vere med og kutte, det bør vere heilt uaktuelt, seier Rotevatn.

– Ikkje vitskapleg uvisse
Klimaforskar Jan Fuglestvedt er ein av nestleiarane i arbeidsgruppa som står bak den nye storrapporten.

– Forskinga har vorte sikrare på at menneske står bak temperaturauken vi ser i dag, og panelet reknar dette som eit avklart spørsmål det ikkje lenger er noko vitskapleg uvisse rundt, uttaler Jan Fuglestvedt i ei pressemelding frå forskingssenteret Cicero.

Ifølgje han har modellutrekningane samtidig redusert uvissa.

Les meir om rapporten her (ekstern lenke)

(©NPK)

Publisert: 09.08.2021 10:47

Sist oppdatert: 16.08.2021 07:17

Mer om