Ruihai Zhao i Qumei Home Furniture Group foto Ogne
INGEN PARTNARAR: Ruihai Zhao har kjøpt ut medinvestoren sin frå Ekornes-kjøpet i 2018.
Nytt

Ruihai Zhao med full kontroll

Ekornes-konsernet verdsett til 2,7 milliardar kroner meir enn då det blei kjøpt i 2018.

15.07.2021

Huatai Securities var medinvestor då kinesiske Qumei Home Furniture Group, med Ruihai Zaho i spissen, kjøpte Ekornes-konsernet for 5,1 milliardar kroner i 2018.

No, når Huatai Securities blir kjøpt ut, er Ekornes-konsernet verdsett til 7,8 milliardar kroner.

Huatai Securities eigde 9,5 prosent av Ekornes Holding AS og får 741 millionar kroner for aksjeposten sin. No er Qumei Home Furniture Group-eigde Ekornes QM Holding eineeigar i Ekornes Holding.

Etter oppkjøpet i 2018 vart Ekornes-konsernet stroke frå notering på Oslo Børs.

I mars 2019 tok Ekornes QM Holding opp eit obligasjonslån på to milliardar kroner, og børsnoterte det.

Ekorneskonsernet permitterte då koronaepidemien kom i fjor, men starta raskt å hente folk tilbake og har auka arbeidsstokkne sidan, takka vere stor auka i etterspørelen etter møblar.

Publisert: 15.07.2021 14:18

Sist oppdatert: 15.07.2021 14:41

Mer om