Ekornes montasje edvard lie unge tilsette foto marius 11
MANGE NYE UNGE TILSETTE: Ekornes har tilsett 200 nye det siste året lokalt i Sykkylven, fortel hovudtillitsvalt Edvar Lie (t.v.). På bildet til venstre: Bak f.v.: Andreas Sandvik, Erik Erstad Sørgård, Kristian Goksøyr, Benjamin Leftdalsnes. Framme f.v. Adrian Brunstad, Ildri Bøe, Nicolai Nilsen, Linus Tafjord, Stefan Eikrem, Corrnelia Lade
Nytt

– Ikkje ein ungdom i Sykkylven som ikkje har jobb

Det er vanskeleg å fatte forvandlinga i møbelbygda det siste året. Tillitsvalte i hotell og verfts-næringa fortel om meir usikre tider.

Marius Rosbach
04.06.2021

For eit drygt år sidan hadde Sykkylven kommune høgst arbeidsløyse i landet. Nær alle dei tilsette i møbellokomotivet Ekornes var permittert og framtida såg usikker ut.

Sidan då har konsernet tilsette 900 (!) nye medarbeidarar globalt – 200 av dei i Sykkylven. Produksjonen går så det kvin og dei sett rekord på rekord i talet på møblar som blir lasta på lastebilar og skip -og sendt ut i verda.

– Det er vanskeleg å forstå når ein tenkjer eitt år tilbake, fortel hovudtillitsvalt Edvar Lie til NETT NO.

– No er det fullt køyr
Allereie då NETT NO møtte Lie i fjor haust såg framtida lysare ut enn på lenge. I dag fortel han at problemet er å få tak i nok folk til å lage alle møblane folk vil ha.

– No er det fullt køyr. Folk jobbar veldig mykje og vi har fulle ordrebøker til over ferien. Det går veldig bra, er Lie sin konklusjon i dag.

Og det stoppar truleg ikkje der. I haust annonserte konsernsjefen at målet var dobling av inntektene i løpet av fem år.

Det er ikkje berre Ekornes - men heile Sykkylven med alle møbelbedriftene og underleverandørar, går veldig bra
Edvard Lie

Fleire møbelbedrifter med oppsving
Oppbemanninga det siste året er den kraftigaste på fleire tiår for møbelkonsernet.

– Vi skal tilsette meir folk. Og det er ikkje berre Ekornes - men heile Sykkylven med alle møbelbedriftene og underleverandørar, går veldig bra, fortel han.

Sykkylvingen gler seg over utviklinga og håpar det vil gi auka rekruttering til bransjen. Det er iallfall ikkje vanskeleg for ungdom i møbelbygda å skaffe seg ekstrajobb om dagen.

– Det er omtrent ikkje ein ungdom i Sykkylven som står utan jobb. Alle som vil ha, får jobbe. Det er veldig kjekt, fortel Lie.

– Vervar nye medlemar kvar dag
Dei siste arbeidsløysetala viser at det berre er 1,1 prosent ledige i Sykkylven om dagen. Ekornes-arbeidaren fortel at bedrifta har lyst ut stillingar i heile landet.

– Vi har mange nytilsette frå distriktet her. Det har også kome ein del frå andre utlandet som har vener og kjente her frå før, fortel Edvard Lie.

Som tillitsvalt møter han mange av dei nye tilsette. Og mange vil organisere seg.

– Vi vervar nye medlemar kvar dag og har samtaler med folk dagleg, fortel han.

(saka held fram under)

Ekornes lastebil hovedkontor 11
REKORDTAL: Ekornes la fram rekordgode tal første kvartal i år og ordrereserven auka med 27 prosent, til over ein milliard kroner. Foto: Marius Rosbach

Mangel på bustader
Edvard Lie fortel at dei må ta omsyn til smittevern når dei gjer jobben som tillitsvalte. Bedrifta har soner dei tilsette bevegar seg i, og verken sjåførar eller gjestar får sleppe inn på fabrikken. Han prisar seg lukkeleg over at bedrifta har unngått smitteutbrot på bedrifta.

– Det einaste som er prekært i Sykkylven no, er å finne ein stad der folk kan bu, seier han.

Usikkerheit mellom hotelltilsette
Å finne ein stad å bu, er ikkje noko problem for hotellgjestar på jakt etter overnatting om dagen. Ved Scandic Parken-hotellet i Ålesund opplever dei langt meir usikre tider, enn dei møbeltilsette i nabokommunen.

– Folk er veldig usikre og motivasjonen har gått ned hos dei fleste. Det er usikkerheit kring økonomi og kva ein skal gjere neste veke – eller til hausten, fortel klubbleiar i Fellesforbundet, Siri Relling, til NETT NO.

Ho fortel at kollegaene ikkje opplever at dei har stort anna val, enn å halde ut så lenge overnattingsbransjen ligg nede for teljing.

(saka held fram under)

Scandic parken innfelt siri relling hotell 11
FRAMLEIS PERMITTERTE: Dei tilsette ved Scandic Parken-hotellet i Ålesund har vore mykje permitterte det siste året. Klubbleiar Siri Relling som er organisert i Fellesforbundet, fortel at situasjonen slit på motivasjonen. Foto: Marius Rosbach/Privat

Tek fagbrev for å stå sterkare
Heilt sidan koronapandemien første gong stengte ned hotellbransjen i fjor, har store delar av dei tilsette vore permittert. Status som karantenehotell gjer at dei har noko belegg «i botnen».

Reiselivsbransjen med hotella er mellom dei med høgast arbeidsløyse på Nordvestlandet for tida. Usikkerheit kring politisk vedtak om lengda på permisjonstida, legg stein til byrda om dagen.

– Nokre nyttar anledninga til å ta fagbrev fordi dei skjønar at det viktig å stå sterkare framover, samtidig som ein har tid sjølvsagt, seier klubbleiaren på Scandic.

Les intervjua frå møta med dei tillitsvalte i fjor

– Ein byrjar bli usikker
Klubbleiaren fortel at dei ikkje opplever avskaling i medlemstalet, men legg ikkje skjul på at situasjonen tærer på.

– Ein byrjar bli usikker på om det er ein gulrot i enden, og om jobben framleis eksisterer når dette er over, seier ho.

At smitteutbrotet i Ålesund nyleg blei spreia gjennom deira eiga bransje, meiner Relling er «tragikomisk». No håpar ho at norske turistar skal føre til ein god sommar, og etterlengta arbeid.

(saka held fram under)

Ein byrjar bli usikker på om det er ein gulrot i enden, og om jobben framleis eksisterer når dette er over
Siri Relling
Rune torsvik vard søviknes 11
HÅPAR PÅ CRUISE: Klubbleiar Rune Torsvik ved Vard Søviknes fortel om «mange førespurnader og bra med aktivitet » på cruise. Men førebels har det ikkje resultert i ei ny handfast kontrakt for verftskonsernet. Foto: Marius Rosbach

Har unngått utbrot på verftet
Klubbleiar Rune Torsvik i ved Vard Søviknes har også opplevd litt av kvart gjennom eit år med pandemi. Verftet han sjølv jobbar ved, har sloppe unna utbrot – men kollegaene ved både Brattvåg- og Langsten-verftet har vore nøyd til å stenge dørene grunna smitte.

– Vi har lært at det skal veldig lite til for eit utbrot, fortel Torsvik til NETT NO.

Klubbleiaren fortel at han er i møtet tre gonger i veka, og at tilsette på dei ulike Vard-avdelingane samarbeider mykje om korleis dei skal møte ulike utfordringar med smittevern.

– Det har hjelpt oss mykje gjennom denne krisa, ved at vi kan dele erfaringar mellom verfta, og dei elektrotillitsvalte, fortel Torsvik.

(saka held fram under)

Vard brattvåg forberedelse koronatest foto vard 11
FEKK UTBROT: OMFATTANDE TESTING: Vard har testa fleire hundre verftsarbeidarar etter smitteutbrot både ved Brattvåg og Langsten. Her frå førebuingane til ein av testrundane ved Vard Brattvåg. Foto: Vard
Spesielt dei norske lærlingane våre og den yngre aldersgruppa, ser det som positivt å organisere seg
Rune Torsvik

Fleire organiserer seg i Vard
Då NETT NO møtte Torsvik i mai i fjor, håpte han den vanskelege situasjonen bransjen hans var kome i, ville føre til auka oppslutning om fagorganiseringa.

– Vi har hatt ein god vekst, og spesielt dei norske lærlingane våre og den yngre aldersgruppa, ser det som positivt å organisere seg, fortel Torsvik.

Utviklinga har gitt nytt håp om auka rekruttering til bransjen. Men først treng verfta fleire oppdrag.

Rune torsvik vard søviknes 22
FLEIRE MEDLEMMAR: Klubbleiar i Fellesforbundet, Rune Torsvik, ved Vard Søviknes fortel at dei har fått fleire medlemmar siste året. Foto: Marius Rosbach

Rekord skip straks klart
På Søviknes-verftet har dei vore 400-500 arbeidarar i sving dei siste vekene på oppdrag med cruiseskipet Commandant Charcot.

Det 150 meter lange skipet skal ha ein prislapp på kring 2,7 milliardar og vere det dyraste Vard har levert nokon gong. I desse dagar er skipet ute på prøvetur frå verftet og skal snart leverast til franske Ponant.

Sjekk AIS-sporing av skipet (ekstern lenke)

«Mange førespurnader» om cruise
Konsernet har nokre stillare periodar i vente om det ikkje kjem inn nye oppdrag, og det kan vere aktuelt med permitteringar.

Spesielt cruise har vore råka av pandemien, og reiarlaga har venta med å tinge nye skip.

– Eg høyrer det er mange førespurnader og bra med aktivitet på den biten, men det er likevel ikkje nok handfast, konkluderer klubbleiaren inntil vidare.

Les intervjua frå møta med dei tillitsvalte i fjor:

Vard-klubbleiar: – Eg håpar at fellesskapet blir større

Scandic Parken: Klubblederen er permittert – men ikke arbeidsledig

Ny leder i Handel og Kontor: Flere er redd for at bedrifter vil utnytte koronakrisa

Ekornes-tillitsvalt: Ser lysare på framtida enn på lenge

Publisert: 04.06.2021 11:01

Sist oppdatert: 29.09.2021 20:58

Mer om