Det som for to-tre år sidan var eit avfallsproblem er blitt ei inntektskjelde.
Vartdal Plastindustri brukar såkalla ekspandertbart polystyren (EPS) - gjerne kalla isopor på folkemunne - til å lage fiskekasser, byggisolasjon og emballasje. No vurderer selskapet å etablere ei eiga forretningseining, åleine eller i kompaniskap, for å samle inn og gjennvinne brukt materiale.
Reinhaldsverket i Ørsta-Volda åleine tek i mot nok EPS til at eit gjenvinningsanlegg vil gå i balanse, i følgje dagleg leiar Jan Endre Vartdal i Vartdal Holding-konsernet.
Ny resirkuleringsteknologi har opna nye bruksområde for resirkulert EPS. Det er årsaka til det raske omslaget frå å vere eit problem til å vere eit profitabelt produkt. I dag brukar Vartdal Plast omlag 20 prosent resirkulert materiale i produksjonen. Om nokre år er andel oppe i 40-50 prosent, meiner Vartdal.
- Det er lønsamt dette, veldig lønsamt, seier han.
No betaler kjøpa seg.
- Så langt i år har vi hatt ei veldig god utvikling. Den beste dei siste 10 åra. Det er no vi ser at vi skal hauste av det vi har gjort, seier Jan Endre Vartdal.
Salsauken kjem i alle marknadar, ikkje berre bygg.
Isolasjonsmagteriale til byggmarknaden står for omlag halvparten av driftsinntektene, fiskekasser til fiskeri- og oppdrettsnæring for 40 prosent og ulike typar emballasje for resten.
Vartdal Holding er eigd av søskene Jan Endre, Ingvild og Sindre Vartdal.
Vartdal Plastindustri brukar såkalla ekspandertbart polystyren (EPS) - gjerne kalla isopor på folkemunne - til å lage fiskekasser, byggisolasjon og emballasje. No vurderer selskapet å etablere ei eiga forretningseining, åleine eller i kompaniskap, for å samle inn og gjennvinne brukt materiale.
Reinhaldsverket i Ørsta-Volda åleine tek i mot nok EPS til at eit gjenvinningsanlegg vil gå i balanse, i følgje dagleg leiar Jan Endre Vartdal i Vartdal Holding-konsernet.
Får 30 prosent "pant"
Brukt EPS blir betalt med ein pris som gir 30 prosent "pant" for dei som leverer til resirkulering, og også aktørar utanfor EPS-bransjen vurderer no om dei skal investere i resirkulering, i følgje Vartdal.Ny resirkuleringsteknologi har opna nye bruksområde for resirkulert EPS. Det er årsaka til det raske omslaget frå å vere eit problem til å vere eit profitabelt produkt. I dag brukar Vartdal Plast omlag 20 prosent resirkulert materiale i produksjonen. Om nokre år er andel oppe i 40-50 prosent, meiner Vartdal.
- Det er lønsamt dette, veldig lønsamt, seier han.
Oppkjøp på plass
I fjor kjøpte Vartdal Plastindustri aksjemajoriteten i Bodøfirmaet Løvold Industri og året før Nordic Isolementer på Biri. Begge kjøpa blei gjort for å få større innpass i byggvarebransjen.No betaler kjøpa seg.
- Så langt i år har vi hatt ei veldig god utvikling. Den beste dei siste 10 åra. Det er no vi ser at vi skal hauste av det vi har gjort, seier Jan Endre Vartdal.
Salsauken kjem i alle marknadar, ikkje berre bygg.
Isolasjonsmagteriale til byggmarknaden står for omlag halvparten av driftsinntektene, fiskekasser til fiskeri- og oppdrettsnæring for 40 prosent og ulike typar emballasje for resten.
Hovudkontor på Vartdal
I tillegg til produksjonsanlegga på Biri og ved Bodø har Vartdal Holding-konsernet - der Vartdal Plastindustri er det største selskapet - hovudkontor og fabrikk på Vartdal i Ørsta kommune, på Ualand og Hjelmeland i Rogaland, i Biri i Oppland og transportselskap og logistikksenter i Sykkylven. I tillegg har konsernet eigarinteresser i Nesseplast AS i Sogn og Fjordane, med produksjon på Nessane i Sogn og Fjordane og på Bømlo i Hordaland, og i Atlantic Styro på Lovund i Nordland.Vartdal Holding er eigd av søskene Jan Endre, Ingvild og Sindre Vartdal.
Publisert: 28.06.2019 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36