Soeraa og O Evreboe vann mot revisor
MEDHALD: Sverre Søraa (biletet) og medeigar Odd Martin Øvrebø i lakseeksportøren er tilkjent ni millionar kroner i erstatning etter dårlege skatteråd.
Nytt

Søraa og Øvrebø vann mot revisor

Coast Seafood-grunnleggarane Sverre Søraa og Odd Martin Øvrebø får ni millionar kroner i erstatning etter dyrt generasjonsskifte.

20.04.2017
Søraa og Øverbø gjekk til sak mot revisor Odd Monsen og revisjonselskapet EY (tidlegare Ernst & Young) etter at dei overførte store deler av eigerskapet til barna.
Generasjonskiftet i Måløyselskapet skjedde etter råd frå revisoren, og Øverbø og Søraa gjekk til sak etter at det viste seg at generasjonskiftet utløyste arveavgift, utbytteskatt, gevinstskatt og tilleggskatt.

Feil grunnlag

Søraa og Øverbø sin påstand er at dei aldri hadde gjennomført generasjonskiftet om dei hadde visst konkekvensane. Det er ei vurdering Bergen Tingrett deler.
No er Monsen/EY dømt til å betale ni millionar kroner i erstatning og til å dekke sakskostnadar på 1,8 millionar kroner,
Retten meiner Monsen/EY braut norma for kva som normalt blei venta av ein aktsom skatterådgivar, skriv avisa.

Vurderer anke

Advokat Hanne Skaarberg Holen i advokatfirmaet Thommesen representerer Odd Monsen og EY. Ho seier dommen kom i påskeferien og at ho og hennar klientar vil vurdere kva dei skal gjere vidare.
Monsen/EY sin påstand i retten var at dei ikkje hadde tatt på seg ansvaret for å kvalitetsikre talgrunnlaget, ei heller for å gi eit konkret råd.

Publisert: 20.04.2017 09:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08