For andre år på rad arrangerer NTNU Ålesund ein internasjonal konferanse om kjernekraft som energikjelde for kommersiell skipsfart.
Om lag 190 deltakarar frå fleire land - med hovedtyngda frå Noreg, Storbritannia og USA - er i Ålesund for den to dager lange konferansen.
– Vi er kome lenger. Det var litt meir idèar i fjor. I år synest eg ting er blitt veldig konkrete, seier Hans Petter Hildre.
Han helsa deltakarane velkomne til den opne delen av konferansen tysdag.
Blant anna skal tre selskap som arbeider med å utvikle små kjernekraftreaktorar for kommersiell skipsfart, presentere seg og sine løysingar på konferansen. To av dei er amerikanske og eitt frå Sverige.
Kjernekraft på skip innen 2032
Så seint som i april i år spådde Hildre at det første skipet med kjernekraft som drivkraft vil bli bygd på Nordvestlandet innan 2032.
– Det er ei enorm hurtig utvikling som foregår på det ein kallar fjerde generasjon kjerneenergi. Ei utruleg hurtig utvikling der ein kjem med SMR, eller små moduleære reaktorar. Dei er fabrikkbygd, det vil seie dei er inne i ein industriell kontekst, så dei blir billegare. Og dei er mykje sikrare, så det blir modular som du kan putte inn i ein båt, som blir stilt ferdig ut frå fabrikkane no seint 2028-2029, rundt der. Og då er eg heilt overbevist om at vi får dei første inn på ein båt som då lettar frå skipsverft her i 2032 omtrent, sa Hildre.
Fleire partnarar i kjernekraftprosjekt
Hildre er prosjekteigar for NuProShip I-prosjektet, som samlar kunnskap og vurderer bruka av kjernekraft i skip.
I tillegg til NTNU, var DNV, Vard, Sjøfartsdirektoratet, reiarlaget Knutsen OAS, og det spanske kjernekraftkonsulentselskapet Idom med på prosjektet.
Prosjektet kom med sin avsluttande rapport i fjor, og er etterfulgt at eit NuProShip II, med fleire deltakarar.
Hovudoppgåva til NuPro Ship I var å finne aktuelle reaktorar som kan brukast i skip, og konkluderte med to amerikanske alternativ.
Hovudoppgåva til NuProShip II er å kartlegge krav til skipsdesign, mannskap, vedlikehald, fjernstyring og laste- og losseoperasjonar. Arbeidet skal vere ferdig i ved utløpet av 2026.
Publisert: 17.06.2025 09:14
Sist oppdatert: 17.06.2025 17:28






