Collage Stormfuglen lagmannsretten advokatar foto B runsvik net Ogne
MILLIONREKNING: Kostnadane med to runder i retten i Stormfuglen-striden har passert 10 millionar kroner. Innfelt til høgre Kenneth Steffensen og Ulf Sørdal, til venstre Ola Haugen og Jørgen Anton Stubberud. Foto: Brunsvik.net/Ogne Øyehaug
Nytt

Salærkrav på 7,8 millionar kroner

Sakskostnadane har meir enn dobla seg sidan tingretten.

19.01.2024

Advokatrekninga etter erstatningssaka i lagmannsretten mellom Stormfuglen Holding og Atantic Marine/Kåre Sindre Nyvoll er på 7,8 millionar kroner, før moms. Det kom fram då den fem dagar lange rettsaka vart avslutta fredag.

NETT NO følgde ankesaka: Atlantic Marine avviser alle krav

Då partane møttes i tingretten var sakskostnadane 3,7 millionar kroner.

2,5 millionar kvar
Skipsmeklarselskapet Atlantic Marine og skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll er representert av Jørgen Anton Stubberud og Wikborg Rein-advokat Ola Haugen. Dei hadde eit krav på 2,5 millionar kroner kvar, i hovudsak salær.

Sands-advokatane Kenneth Steffensen og Ulf Sørdal sitt salærkrav er tilsaman på 2,8 millionar kroner. Salær er for betalinga advokatane skal ha for jobben.

I tillegg til salæret skal advokatane ogås ha dekt utgifter til mellom anna reise og opphald. Dommaren gav dei ei vekes frist til å levere komplett sakskostnadskrav.

Begge partar anka
I mars 2023 blei skipsmeklarselskapet Atlantic Marine i Ålesund og skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll dømt til å betale høvesvis 14 og tre millionar kroner i erstatning til selskapet Stormfuglen.

Begge parta anka til lagmannsretten, som har behandla saka denne veka.

Bakgrunnen for erstatningssaka er salet av fiskebåten Stormfuglen i 2020, som var eigd av eit selskap med same namn. Selskapet Stormfuglen var eit datterselskap av Stormfuglen Holding, som i sin tur er eigd av fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachman.

Grunnen til at tingretten meinte Nyvoll/Atlantic Marine skal betale erstatning, var ikkje at prisen var for låg - men på grunn av mangelfull rådgiving i måten salet vart avtalt gjort.

Det gjorde at Strand-søstrene fekk mindre att enn dei kunne fått, ifølgje dommen i tingretten.

Publisert: 19.01.2024 15:24

Sist oppdatert: 22.02.2024 23:21

Mer om