Ulf Henning Sørdal og Silje Bruun Teigen foto Ogne
ULIK TOPPSATS: Ulf Henning Sørdal har ein toppsats på 4761 kroner timen, Silje Bruun Teigen 3300 kroner, i følgje sakskostnadskrava til retten i Stormfuglensaka. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

4761 kroner var høgste timepris

Tre dagar i retten om fiskebåtreiarlaget Stormfuglen kosta over 3,6 millionar kroner.

02.03.2023

Sakskostnadskrava i første runde striden mellom skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll/Atlantic Marine og fiskebåtreiarlaget Stormfuglen er på tilsaman 3.657.569 kroner. Og ni øre.

Det kjem fram i sakskostnadskrava som advokatane har levert til retten, der betalinga til advokatane (salær) er den største posten.

Kenneth Steffensen og Ulf Henning Sørdal i advokatfirmaet Sands, som representerer Stormfuglen, har levert eit krav på til saman 2.261.544,09 kroner. Av dette utgjer salær 1.766.283,86 kroner.

Silje Bruun Teigen og Oda Vinjevoll i Adviso Advokatfirma har levert eit krav på 1.396.025 kroner. Dei har ikkje sakskostnadar ut over salærkravet.

Mellom 1900 og 4761 kroner timen
Steffensen og Sørdal har bruk i alt 606 timar på saka, i følgje sakskostnadskravet. Timeprisen varierer mellom 1823 og 4761 kroner timen, der satsen er høgast for dei 72 timane dei brukte på sjølve forhandlingane i retten.

Bruun Teigen og Vinjevoll har brukt 492,25 timar. Hos dei varierer timesatsen mellom 1900 og 3300 kroner timen, ifølgje sakskostnadskravet.

Selde seg ut
Utgangspunktet for striden er at fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachmann i Stormfuglen Holding på Averøy, selde seg ut av fiskeri i 2020.

Kåre Sindre Nyvoll i skipsmeklarselskapet Atlantic Marine i Ålesund fekk oppdraget med å finne kjøpar til båt og kvotar.

Kjøparane var ei gruppe fiskebåtreiarar i Herøy som betalte 320 millioner kroner.

I fjor gjekk Stormfuglen Holding til erstatningssak. Eigarane meiner dei fekk for dårleg pris, og at det er meklaren sitt ansvar. Dei meiner dei gjekk glipp av nesten 100 millionar kroner på grunn av Nyvoll si handtering av oppdraget.

For høgt
Det mest vanlege utfallet av ei sivil erstatningssak er at taparen blir pålagt å dekke motparten sine sakskostnadar. Dommaren kan kutte sakskostnadane partane kan kreve å få dekt av motparten.

Bruun Teigen og Vinjevoll meiner Steffensen og Sørdal har sett fram eit for høgt krav. Dei reagerer både på tidsbruken og timesatsen under forhandlingane i retten.

Steffensen og Sørdal er ikkje samde og skriv at det er naturleg at det er saksøkar som brukar mest tid.

Medan Nyvoll og Atlantic Marine kan trekke frå momsen på advokatrekninga, kan Stormfuglen Holding ikkje gjere det. Det utgjer 441.571,97 kroner og er ein del av forklaringa på at sakskostnadskravet frå Sands-advokatane er større enn frå Advisoadvokatane.

Publisert: 02.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 10.03.2023 13:15

Mer om