Stormfugle Lagmannsretten Jørgen anton Stubberud Ola Haugen foto Ogne
GRUNNLAUST: Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvolls advokatar, Jørgen Anton Stubberud (t.v) og Ola Haugen meiner kravet mot Nyvoll og skipsmeklarselskapet er grunnlaust. I dag er siste dag i den fem dagar lange erstatningssaka i lagmannsretten. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Atlantic Marine avviser alle krav

Erstatningskravet er grunnlaust og forelda, argumenterte dei saksøkte i striden om Stormfuglen.

19.01.2024

Stormfuglen Holding er ein profesjonell aktør som sjølv er ansvarleg for si avgjerd om å selge fiskebåt og fiskekvotar. Kåre Sindre Nyvoll og Atlantic Marine gjorde jobben sin då søstrene Eva Toril Strand og Dagny Elisabeth Strand Bachman ville selge seg ut av fiske våren 2020.

Først etter nesten to år gjekk Stormfuglen Holding til erstatningssak, fordi dei meiner prisen var for lav og at Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll har skulda for det.

Dette var utgangspunktet i advokat Ola Haugen si prosedyre, på femte dag i ankesaka i lagmannsretten fredag. Ankesaka i lagmannsretten har gått over fem dagar denne veka.

Dømt i tingretten
I mars 2023 blei skipsmeklarselskapet Atlantic Marine i Ålesund og skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll dømt til å betale høvesvis 14 og tre millionar kroner i erstatning til selskapet Stormfuglen Holding.

Bakgrunnen for erstatningssaka er salet av fiskebåten Stormfuglen i 2020, som var eigd av eit selskap med same namn. Selskapet Stormfuglen var eit datterselskap av Stormfuglen Holding, som i sin tur er eigd av fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachman.

Grunnen til at tingretten meinte Nyvoll/Atlantic Marine skal betale erstatning, var ikkje at prisen var for låg - men på grunn av mangelfull rådgiving i måten salet vart avtalt gjort.

Det gjorde at Strand-søstrene fekk mindre att enn dei kunne fått, ifølgje dommen.

Uviktig usemje
Det er usemje mellom partane om nøyaktig kva som blei avtalt i samband med oppdraget og når bodet på fiskebåt og kvotar blei akseptert.

Men det har mindre betydning ifølgje Haugen sin prosedyre, i og med at bodet vart akseptert og fartøy og kvotar seld.

Han viser til at Eva Toril Strand både er ein erfaren fiskebåtreiar, og i tillegg har lang erfaring frå fiskeriorganisasjonar. Ho og hennar søster omorganiserte dessutan reiarlaget og etablerte eit holdingselskap på toppen i 2018.

Hadde fleire moglegheiter
Det viser at dei allereie då førebudde eit mogleg sal, og at dei må ha kjent til at den skattemessige fordelen ved å kunne selge båt og kvotar ved å selge eit skips- og kvoteeigande datterselskap i staden for å selge fartøy og kvotar direkte.

Stormfuglen og Eva Toril Strand kunne avvist bodet, bedt om ei ny runde med bodgivar, bedt om at det blei arbeidd vidare med å få inn fleire bod, eller skifta meklar. Det blei ikkje gjort, og den forretningsmessige avgjerda om å selje og korleis det blei gjort, er det Stormfuglen Holding sjølv som er ansvarleg for, ifølgje Haugens prosedyre.

For seint ute
Haugen argumenterte med at det ikkje er vist til andre handlar i 2020 som tilseier at prisen for Stormfuglen med tilhøyrande kvotar var for låg. Og det er saksøkar - Stormfuglen Holding - som har bevisansvar for at Stormfuglen blei seld til under marknadspris.

At det i tillegg tok nesten to år før det vart fremma eit erstatningskrav, gjer at kravet er forelda.

Advokaten avviser óg at det var Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll sitt ansvar å gi råd og bistand om salet skulle gjennomførast ved direkte sal av båt og kvotar, eller i staden ved sal av aksjar i det skips- og kvoteeigande datterselskapet til Stormfuglen Holding.

Prisen sett til 270 millionar
Opphavleg vart det avtala eit direkte sal, men eit tillegg i kontrakten gjorde at partane kunne avtale eit aksjesal i staden. Dei valde til slutt å gjennomføre handelen som eit aksjesal.

Prisen for fartøy og kvotar vart sett til 320 millionar kroner. Då partane avtalte sal av aksjar i datterselskapet i staden var prisen 270 millionar kroner. Prisskilnaden skuldast forhandlingane om fordelinga av skattefordelen ved aksjesal i staden.

Gjorde ikkje jobben sin
Ifølgje Stormfuglen Holding sine advokatar vart Stormfuglen Holding sett i ein ugunstig forhandlingsposisjon ved at Nyvolls rådgiving var for dårleg, og gjorde at det opphavleg vart avtalt eit direktesal av båt og kvotar.

Kenneth Steffensen, som representerer Stormfuglen Holding, argumenterte som i tingretten med at Nyvoll og Atlantic Marine ikkje utførte oppdraget sitt som avtalt.

Eva Toril Strand fekk ikke all relevant informasjon og råd Nyvoll skulle gitt før avgjerda om sal vart teken - og det gav henne og hennar søster dårlegare pris enn dei kunne fått, hevda Steffensen.

Publisert: 19.01.2024 13:35

Sist oppdatert: 25.01.2024 20:30

Mer om