Morten Holum 1 hexagon purus maritime i lnagsvåg foto Ogne
TØFFE TIDER: Morten Holum i Hexagon Purus treng fleire oppdrag for å kunne nå balanse for selskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sal av verksemd kutta underskotet

Framleis tresifra millionunderskot for Hexagon Purus. Ordreinngangen er for liten.

12.05.2026

Hexagon Purus fekk 134 millionar kroner i ekstraordinære inntekter frå salet av romfartsatsing si i USA og refinansieringa av Kina-satsinga,  skriv selskapet i ei kvartalsrapporten for første kvartal 2026. 

Det er hovudforklaringa på inntektsveksten i første kvartal samanlikna med første kvartal i fjor (sjå tabell).

Hexagon Purus lagar tankar og system for lagring og bruk av hydrogen som energiberar. Selskapet var opphavleg ein del av Hexagon Composites i Ålesund, men vart skilt ut og børsnoterte som eige selskap i desember 2020. Hexagon Composites, med Flakk-familien blant dei større aksjonærane,  er framleis stor aksjonær i selskapet. 

I USA var det Elon Musk-selskapet SpaceX som kjøpte. I Kina inngjekk Hexagon Purus eit såkalla joint venture-samarbeid om hydrogensatasing med selskapet Cimc Enric i 2020. I mars refinansiert Cimc Enric joint ventureselskapet i mars i år, i bytte mot auka eigarandel ifølgje ei børsmelding.

Har verda mot seg
Ordreinngangen til selskapet er for låg til at selskapet får inntekter som er høge nok til å drive i balanse. Vi er ikkje fornøgd med situasjonen og å gjenskape momentum i ordreinngangen er første prioritert skriv Hexagon Purus-sjef Morten Holum i kvartalsrapporten.

Hexagon Purus har fått verda mot seg dei siste åra.

Under Donald Trump har USA reversert mykje av regelverk og støtte som skulle hjelpe fram industri og selskap som skulle gi reduserte CO2-utslepp. I tillegg har først krigen i Ukraina og no i Midt-Austen forstyrra både verdsøkonomien, forsyningskjeder og energimarknadane. 

Treng refinansiering
På lengre sikt meiner selskapet at uro kring energi-forsyning og -kjelder vil kome alternative energiberara, som hydrogen, til gode. Men på kortare sikt treng selskapet å gjere noko med finansieringa si.

"Selskapet vurderer aktivt kapitalstrukturen sin og det breiare finansielle rammeverket, inkludert strukturelle tiltak knytt til konsernet sine uteståande konvertible obligasjonar, som forfell i 2028 og 2029, med mål om å styrkje balansen og betre eigenkapitalposisjonen til selskapet. Vidare tap vil leggje ytterlegare press på den finansielle stillinga til selskapet, og ei vellukka gjennomføring av ytterlegare finansielle og operative tiltak er difor naudsynt", heiter det i kvartalsrapporten 

Hexagon Purus ASA  
1. kvartal. I mill. kroner20262025
Driftsinntekt405,3230,0
Driftsresultat-56,5-304,3
Resultat før skatt-173,4-387,3

Publisert: 12.05.2026 08:03

Sist oppdatert: 12.05.2026 10:01

Mer om