Håkon Andre Berg og Tore A Tønseth ringer børshandelen i gang Salmon Evolution børsnotert
PENGEJAKT: I september i fjor kunne Salmon Evolution markere børsnotering av selskapet, etter ei kapitaltutviding på førehand. No er selskapet ute i kapitalmarknaden på nytt. Foto: Oslo Børs
Nytt

Salmon Evolution hentar meir pengar

Målet er 450-550 millionar kroner før børsopning torsdag.

10.03.2021

Interesserte investorar har frist til torsdag klokka 08:00 med å teikne seg i kapitalutvidinga i Salmon Evolution.

Arbeidet med å hente meir kapital starta etter børsslutt i dag. Prisen på aksjen i kapitalutviding blir sett gjennom ein såkalla "bookbuilding"-prosess, der kursen aukar dess større interessa er.

Det er DNB Markets, Pareto Securities og SpareBank 1 Markets som har fått jobben med å gjennomføre kapitalutvidinga.

På hovudlista
Pengane frå kapitalutvidinga skal brukast til å fullfinansiere bygginga av første byggetrinn av selskapet sitt landbaserte oppdrettsanlegg ved Indre Harøy i Romsdal og til etableringa av eit landbasert oppdrettsanlegg i Korea, der Salmon Evolution skal vere medeigar.

Eit anna poeng med kapitalutvidinga er å få fleire aksjonærar i selskapet, slik at Salmon Evolution oppfyller kravet om å ha nok aksjonærar til å kunne flyttast over på hovudlista på Oslo Børs.

Eksisterande aksjonærar er med
Aksjonærar i selskapet har garantert for mellom 101 og 104 millionar kroner i kapitalutvidinga, i følgje ei børsmelding.

Les børsmelding her

Før kapitalutvidinga er Roger Halsebakk og barna Robin og Anja største aksjonær, med 11,4 prosent av aksjane, gjennom selskapet Ronja Capital.

Aksjekursen i Salmon Evolution var 6,895 kroner då børsen stengte i dag. Den kursen verdset selskapet til 1,5 milliardar kroner.

Ved børsnotering i september i fjor var kursen 7,50 kroner per aksje. Den førebelse toppen for aksjekursen kom 12. januar i år, med 7,555 kroner per aksje.

Publisert: 10.03.2021 16:48

Sist oppdatert: 10.03.2021 20:57

Mer om