Salmon Evolution satsar i Nord-Amerika
Lakseoppdrettaren ser no etter stader å etablere seg 'over there'. Vil produsere 100.000 tonn sløygd laks innan 2032.
Selskapet har nyleg sett ut første smolten i det landbaserte oppdrettsanlegget på Indre Harøy. No kastar ein seg over Nord-Amerika.
I ei børsmelding onsdag vert det opplyst at ein vil bruke resten av 2022 til å finne rette staden å etablere seg på.
Deretter forventar ein at det vil ta to-tre år med godkjenningsprosessar før anleggsarbeidet kan starte, truleg i 2025.
Planen er å byggje eit tilsvarande anlegg som ein har på Indre Harøy, og etter kvart i Sør-Korea, med mål om å produsere 31.500 tonn laks årleg.
Globale ambisjonar
Salmon Evolution er i ferd med å byggje opp ein eigen organisasjon for å gjennomføre satsinga i Nord-Amerika.
Dette skjer med både interne og eksterne ressursar, og det skal etablerast ein amerikansk selskapsstruktur under fullt eigarskap.
I børsmeldinga seier konsernsjef Håkon André Berg at sjølv om selskapet starta i Norge, har ein alltid hatt globale ambisjonar.
- Med Nord-Amerika i portefølgjen, vil vi ha ei operasjonell plattform i alle dei tre store laksekonsumerande kontinenta.
Berg opplyser også at selskapet ser etter partnerarar der ein etablerer seg.
Børsopptur
Oslo Børs reagerte med å sende aksjekursen opp 1,6 prosent til 8,57 kroner i tidleg handel onsdag. Dermed er heile selskapet prisa til 2,9 milliardar kroner.
Ei rekke aktørar frå Nordvestlandet er medeigarar i selskapet, der Roger Halsebakk og familien er størst med 7,92 prosent.
Publisert: 08.06.2022 08:43
Sist oppdatert: 08.06.2022 09:36