Helge Simonnes
ELBIL: Helge Simonnes har skrive bok om det norske elbileventyret, og åtvara næringslivsleiarar å snakke ned forskarar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Samanlikna Trump-tilhengarar og elbilmotstandarar

Helge Simonnes åtvara mot å snakke ned forskarar og klimatoppmøte.

11.02.2022

- Før eller seinare treff dei oss.

Det sa den tidlegare Vårt Land-redaktøren under eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag.

Han hadde merka seg at ein god del næringslivsleiarar ofte snakka negativt om forskarar og klimaforkjemparar.

Han bad om at det vart slutt med dette.

- Ikkje undervurder kva forskarar held på med. Ikkje le av klimatoppmøta, sa Simonnes.

- Nesten ikkje til å tru
Simonnes har skrive bok om det norske elbileventyret.

- Eg har ikkje den ringaste interesse for bil. Eg har null interesse for kor raskt akselerasjonen går frå 0 til 100. Derimot er eg veldig interessert i samfunnstransformasjon, sa Simonnes.

Han gledde seg over det enorme salet av elbilar i Norge.

- No sel Porsche elbil meir enn samtlege bensinbilar i Norge.

- Den transformasjonen vi har sett er nesten ikkje til å tru, sa Simonnes.

'Look to Norway'
I januar i år var 83,7 prosent av alle nye bilar i Norge elbilar.

Også Nordvestlandet ligg høgt, og resten av Europa kjem gradvis etter, men Europa ligg framleis eit hav bak Norge.

Total var elbilandelen for heile Europa på 10,4 prosent i 2021.

- Dette er grunnen til at den eine etter den andre av bilprodusentane kjem til Norge for å lære.

- Når det gjeld elbil er det ‘look to Norway’, sa Simonnes.

Når det gjeld elbil er det ‘look to Norway’
Helge Simonnes

Språkleg polarisering
Den pensjonerte redaktøren har også skrive bok om Trump, Gud og kyrkja, og meinte å finne att same språkbruken blant Trump-tilhengarar og dei mest ihuga elbilmostandarane.

- Lenge var det ei enorm språkleg polarisering rundt elbilar.

- Desse bilane vil ta fyr, sa blant anna mange.

Men Simonnes viste til at miljøaktivistar som Frederic Hauge og Morten Harket hadde trua, det same hadde innovatørane bak elbilen Think, og etter kvart kopla andre aktørar seg på.

Nullmoms
Men det store skiftet kom med nullmoms-vedtaket.

- Dette gav ei voldsom kraft, sa Simonnes.

Han gav forsamlinga ei rekke råd, inkludert å få med politikarane på dei gode idèane.

- Dei kan vere gode å ha.

Publisert: 11.02.2022 15:30

Sist oppdatert: 11.02.2022 15:37

Mer om