Knuste alle rekordar i juli
STØRST: Det blir seld langt fleire bruktbilar enn nye modellar, og dei to siste åra har vore ekstra gode i bruktbilmarknaden. For bruktbilhandlar Olav Fjællingsdal har det vore to rekordår på rad. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

To rekordår på rad for bruktbil

Både i 2021 og 2020 selde bruktbilhandlar Olav Fjællingsdal langt fleire bruktbilar enn han nokon gang har gjort. Men elbilar går det lite av.

09.01.2022

Det blei bråstopp og permitteringar då koronaepidemien kom og Noreg vart nedstengt i mars 2020, men etter eit par månadar var det full gass for Fjællingsdal og selskapet hans, Sykkylven Bil.

Då året var omme hadde han seld 270 bilar. Det var rekord med solid margin. Tidlegare har han aldri seld fleire enn 200 bilar i løpet av eit år. No er fasiten for 2021 klar og det blei nesten like bra, 254 selde bilar.

Av dei var berre to-tre elbilar, seier han.

Nesten fire gangar større
Bruktbil er valet for eit klart fleirtal av bilkjøparane.

Årsstatistikken til Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) fortel at det vart registrerte 7624 nye bilar i Møre og Romsdal i 2021. Eigarskifte - altså sal av brukte bilar - vart det registrert nesten fire gongar fleire av, 28.386.

Tala for tidlegare Sogn og Fjordane fylke viser det same, 10.948 registrerte eigarskifte og 2735 nyregistreringar.

Den store veksten i bruktbilsalet kom frå 2019 til 2020. Frå 2020 til 2021 auka bruktbilsalet i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med i overkant av to prosent. For nybilsalet var det omvendt. Veksten var størst frå 2020 til 2021, høvesvis 29,6 prosent i Møre og Romsdal og 27,1 prosent i Sogn og Fjordane.

Kjøper frå forhandlarar
Dei viktigaste leverandørane til Fjællingsdal er nybilforhandlarar som sel eldre bilar vidare til han, medan dei sel nyare bruktbilar sjølve.

Fleirtalet av bilane til Fjællingsdal er i årsklassane 2010 til 2017 og med prisar mellom 100.000 og 250.000 kroner.

Nett no har han omlag 45 bilar inne, ein av dei elbil.

Unngår elbil
Fjællingsdal anslår at det kan ta minst ti år før marknaden for brukte el-bilar blir meir føreseieleg enn den er i dag.

Det er et par store problem med el-bil i bruktmarknaden, slik Fjællingsdal ser det.

Den teknologiske utviklinga for elbilar har gått så raskt at elbilane fort blir utdatert, samanlikna med nye modellar.
Høg pris for å erstatte eldre batteri.
Uvissa om levetida på batteria gjer at han sjølv er lite viljug til å ta på seg risiko for å garantere for levetid på batteri på eldre elbilar, som kundane på si side gjerne vil ha.

Trur på vekst for brukte elbilar
Terje Løvmo, som er dagleg leiar for Volvo-forhandlar Nardo Bil i Ålesund og leiar for Sunnmøre Bilbransjeforening, ventar at også 2022 blir eit godt bruktbilår.

I fjor auka Nardo Bil bruktbilsalet frå 400 til 450 bilar og i år reknar Løvmo med å selge heile 500 bruktbilar.

Han trur også på ei raskare utvikling av bruktbilmarknaden for elbilar enn Fjællingsdal ser for seg.

I 2025 vil bruktmarknadar for el-bilar ha blitt mykje større enn i dag. Løvmo seier eldre elbilar er populære til korte pendlarreiser i Oslo, der rekkevidda ikkje treng vere så stor. Med bomring rundt Ålesund trur han på same effekt på Nordvestlandet, fordi det er billegare å passere bomringen med elbil.

Publisert: 09.01.2022 06:00

Sist oppdatert: 09.01.2022 12:54

Mer om