Samarbeid med bilprodusent
Norwegian Hydrogen og australske H2X Global med intensjonsavtale.
Blir intensjonsavtalen til ein bindande avtale skal dei to selskapa samarbeide for at hydrogen blir tatt i bruk som energiberar i nyttekøyretøy.
Norwegian Hydrogen, som skal opne sitt første hydrogenproduksjonsanlegg på Hellesylt i år, skal stå for produksjon og distribusjon av hydrogen, mellom anna med eit nett av fyllestasjonar.
H2X Global skal levere nyttekøyretøy som går på hydrogen.
- Det er viktig at våre kundar også har tilgang til hydrogenbilar, og vi er glade for å samarbeide med H2X for å presentere ein fullpakkeløysning, seier teknisk direktør i Norsk Hydrogen, Øystein Tørlen i ei pressemelding.
Norwegian Hydrogen har allereie ein samarbeidsavtale med Mitsui og Firstelement Fuel, som driv verdas største nettverk for hydrogen-fyllestasjonar i California under merkenamnet True Zero.
Publisert: 23.02.2023 10:02
Sist oppdatert: 23.02.2023 10:03