Japansk konsern inn i Norwegian Hydrogen
Ålesund-selskapet skal hente inn rundt ein halv milliard i løpet av det neste året.
Det japanske Mitsui-konsernet er allereie medeigar i dei børsnoterte selskapa Hexagon Composites (22,7 prosent) og Hexagon Purus (to prosent) - to selskap som begge har hatt Knut Flakk og familien som primus motor.
Flakk-familien er også største eigar i Norwegian Hydrogen, som
planlegg fleire produksjon-, distribusjons- og fylleanlegg for hydrogen.
Hydrogen kan brukast som energiberar i skip, tog, større lastebilar og industrianlegg. Det første hydrogenproduksjonsanlegget skal byggast på Hellesylt og vere klar til produksjon fjerde kvartal 2023.
Går inn med 70 milllionar
No blir Mitsui også medeigar i Norwegian Hydrogen direkte gjennom ein retta emisjon på 70 millionar kroner.
Kapitalutvidinga gir Mitsui ein eigarandel på omlag 15 prosent og verdset Norwegian Hydrogen til 450 millionar kroner etter kapitalutvidinga.
I løpet av kort tid vil Norwegian Hydrogen hente inn «nokre titals millionar kroner» frå dagens eigarar, seier Norwegian Hydrogen-sjef Jens Berge til NETT NO.
Før Mitsui blei medeigar er dei største eigarane Flakk Gruppen (24,1 prosent) Hexagon Composites (17,7 prosent), Hofseth International (16,3 prosent), Tafjord Kraftproduksjon og Tryggestad Eiendom og Finans (11,3 prosent kvar).
Skal hente halv milliard til
Neste steg er å hente inn ein halv milliard kroner ein gang i løpet av dei neste 12 månadane, seier Berge.
Meklarselskapet ABG Sundal Collier er leigd inn for å hjelpe til med kapitalutvidinga. Ei eventuell børsnotering har selskapet ikkje tatt stilling til.
Pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere «ei rekke prosjekt i heile Norden», seier Berge. Han vil ikkje talfeste kor mange prosjekt det er snakk om, men opplyser at Norwegian Hydrogen i løpet av hausten opnar kontor og tilset folk både i Sverige og Danmark.
Industri- og investeringskonsernet Mitsui kom inn som stor aksjonær i Hexagon Composites i 2016.
Hexagon
Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som
energikjelde i alt frå gassgrillar til store industrianlegg.
Då hydrogensatsinga i Hexagon Composites blei skilt ut i eit eige selskap, Hexagon Purus, med Hexagon Composites som største eigar, blei Mitsui med både indirekte og gjennom ein direkte aksjepost.
«Mitsui er allerede aksjonær i Hexagon Composites ASA og Hexagon Purus ASA, hvor sistnevnte er en av de andre større aksjonærene i Norwegian Hydrogen. Mitsui har blitt kjent med Norwegian Hydrogen gjennom sitt eierskap i Hexagon gruppen. Over tid har det utviklet seg tette bånd direkte mellom Norwegian Hydrogen og Mitsui, noe som har ført til at de nå ønsket å investere direkte i selskapet på et tidlig tidspunkt.», skriv Norwegian Hydrogen i ei pressemelding.
USA-partnar
Norwegian
Hydrogen har frå før ei samarbeidsavtale med Mitsui og Firstelement
Fuel, som driv verdas største nettverk for hydrogen-fyllestasjonar i
California under merkenamnet True Zero, ifølgje pressemeldinga.
«Gjennom investeringen ønsker vi å finne flere synergier mellom
Norwegian Hydrogen og Mitsuis eksisterende investeringsportefølje knyttet til
hydrogen. Det vil både styrke selskapet og bidra til å etablere et stabilt
hydrogenmarked i Europa», seier Takafumi Kasai, GM Functional Materials Division i
Mitsui i meldinga.
Det vil både styrke selskapet og bidra til å etablere et stabilt hydrogenmarked i Europa
Publisert: 27.08.2022 09:19
Sist oppdatert: 29.08.2022 00:04