NTB v UA Rs K Xa Myw 1
Kystdirektør Einar Vik Arset med hurtigruta «Nordnorge» i bakgrunnen, fotografert på taket av bygningen der Kystverket held hus på Skateflua i Ålesund. Foto: Bent Tandstad / NPK
Nytt

Kystdirektøren for kjernekraft

Atomreaktorar kan vere svaret for store skip i langfart.

13.05.2024

(NPK – Bent Tandstad:) – Grøn omstilling er det store for oss no. Eg misunner ikkje reiarane som skal velje energiberar for framtida. Ikkje alle skip kan gå på batteri, ammoniakk eller hydrogen. Så module reaktorar kan vere ei løysing for store og tunge skip på langfart, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Kystverket og dei maritime næringane har høge ambisjonar for det . Dei har ein klar visjon om å utvikle kysten og havområda til dei sikraste og reinaste i verda.

– Det står faktisk ganske bra til, men den grøne omstillinga går for sakte. Her skal vi vere kunnskapsleverandørar og bidra til kloke vegval. Norsk maritim industri og norske reiarlag har alltid vore pionerar, men eg misunner ikkje reiarane som skal ta val som står seg for framtida. Dei Grøne alternativa er framleis i utvikling. Ein del skip kan gå på batteri, men ikkje dei største. Ammoniakk eller hydrogen er heller ikkje løysinga for alle. Det skjer mykje på dette feltet no, og eg har fått meir og meir tru på at fleire skipstypar kan ta i bruk modulære reaktorar, seier han.

Rask utvikling
Arset fortel at NTNU med Forskingsrådet i ryggen no gjer store studiar om kva reaktorteknologi som passar til ulike skipstypar. Og sjølv om kommersiell bruk ligg litt fram i tida, går utviklinga raskt.

– Mange er skeptiske, men det handlar ofte om klassisk trykkvassteknologi. Nye modulære reaktorar har ikkje trykk og er såleis veldig trygge. Men internasjonalt regelverk må harmoniserast og avfallshandtering er viktig. Uansett er energibehovet for sjøtransporten enormt, utsleppa er store og vår sektor både kan og vil vere med på omstillinga, legg kystdirektøren til.

Nye modulære reaktorar har ikkje trykk og er såleis veldig trygge
Einar Vik Arset

Trygg kyst
Einar Vik Arset meiner norskekysten i dag er trygg. Det er få alvorlege ulykker med utslepp, det har ikkje vore større oljeutslepp sidan 2013. Dei har ein god beredskap langs heile kysten og god overvaking av trafikken. Dessutan går ikkje dei største skipa som ikkje skal til hamn, heilt inn til kysten lenger.

– Dei største fartøya går langt ute frå kysten. Om dei skulle få problem, til dømes med motorane, så har vi tid til å handle, slik at vi klarer å avverje dei store ulykkene, seier han.

Ansvarsfordeling
Ansvarsfordelinga er klar. Hovudredningssentralen styrer arbeidet så lenge det er fare for liv og helse til dei som er om bord. Når den delen av aksjonen er ferdig, er det Kystverket som overtek ansvaret for å hindre forureining, og om skaden har skjedd, å rydde opp.

Ulykka med marinefartøyet «Helge Ingstad» skjedde i eit område der Kystverket hadde overvaking. Dei hadde også los om bord i «Sola TS», som «Helge Ingstad kolliderte med. Det lak ut ein del marin diesel, og Kystverket la ut lenser for å hindre forureining.

Noreg er framleis ein betydeleg sjøfartsnasjon. Nesten 90 prosent av all import og eksport går via skip. Det er nesten 3000 hamner, aller anløpspunkt som dei kallar det på fagspråket, langs kysten vår.

– Den maritime næringa er svært viktig. Det er ikkje mogleg å sjå føre seg at det fraktvolumet som i dag går på kjøl, skulle flyttast over på veg eller bane, seier Einar Vik Arset.

Fakta om Kystverket

  • I år er det 50 år sidan den statlege etaten Kystverket vart etablert ved samanslåinga av Fyrdirektoratet, Losdirektoratet og Hamnedirektoratet i 1974. Kystverket er i 2024 underlagt Nærings- og fiskeridepartementet.
  • Hovudoppgåvene til Kystverket er å leggje til rette for trygg, miljøvennleg og effektiv ferdsel i farleiene og i norske havområde, i tillegg til å hindre og avgrense miljøskade ved akutt forureining eller fare for akutt forureining. Som transportetat skal Kystverket også leggje til rette for at sektoren bidreg til å nå nasjonale klima- og miljømål.
  • Kystverket utøver myndigheit etter hamne- og farvasslova, delar av forureiningslova, svalbardmiljølova og plan- og bygningslova.
  • Kystverket har mellom anna ansvar for å utvikle og halde ved like den maritime infrastrukturen for trygg og effektiv sjøferdsel, som omfattar om lag 22 000 sjømerke, lostenesta og dei fem sjøtrafikksentralane. (Kjelde: Kystverket)

Publisert: 13.05.2024 10:51

Sist oppdatert: 14.05.2024 09:02

Mer om