Dette stadfestar både Sanco-direktør Ivar Slettevoll og direktør Atle Jacobsen i Dolphin Geophysical.
- Vi har sett i gang eit arbeide med å sjå på ei vidareutvikling av det designet vi har hatt på dei to siste båtane, seier Slettevoll.
- Vi får sjå. Vi får no roe oss ned nokre dagar. Vi er i alle fall svært godt fornøgde med det Sanco har levert hittil, seier Jacobsen.
- Ja, vi har ein god dialog med Dolphin, seier Slettevoll, som for eit halvt år sidan var klar på at selskapet burde ta ein investeringspause etter å ha satsa 1,2 miliardar kroner på to nye seismikkfartøy. No opnar han opp for at pausen truleg ikkje vert så lang.
- Vi får sjå kva som skjer om to-tre månader.
"Sanco Sword" kosta totalt 1050 millionar kroner, der prisen på skipet er rundt 600 millionar kroner. I tillegg kjem seismikkutstyr frå Dolphin Geophysical på rundt 450 millionar kroner.
"Sanco Sword" er søsterskipet til "Sanco Swift", som vart overlevert frå same verft i fjor sommar. Begge skipa går på fem års kontraktar med Doplhin, med opsjonar på to + to + to år, totalt elleve år.
- Skipet har vore i konstant arbeid heilt sidan overleveringa, og har allereie opparbeidd seg eit godt namn i marknaden.
"Sanco Swift" har vore i arbeid utanfor Brasil og Shetland, og skal no til Marokko for å gjere ein jobb der, før kysten utanfor Colombia står for tur.
- "Sanco Swift" har alt sikra seg fullt opp med arbeid i 2014. Også Shell ønskjer no å leige skipet, eitt av dei oljeselskapa som er av dei mest kresne, seier Jacobsen.
Det ser også bra ut for søsterskipet "Sanco Sword", eit skip som vart levert 14 dagar før tida frå Myklebust Verft.
- Dette er avanserte skip, men Ivar Slettevoll ville byggje på dette verftet, som ligg i nabobygda til reiarlaget.
- Men vi har ikkje angra. Vi er positivt overraska over arbeidet som er utført her, seier Jacobsen.
Konsernsjef Ståle Rasmussen ved Kleven seier at det er sjeldan har vore så mykje ros for verftet sitt arbeid som det har vore på dei to seismikk-skipa til Sanco.
- Det er vi sjølvsagd glade for, og vi har plass til å byggje fleire skip for Sanco, seier Rasmussen.
- Vi har store forhåpningar til det området vi no skal skyte seismikk, seier Jacobsen.
- Det er mange selskap som har meldt seg på og vil vere med på dette, seier han.
"Sanco Sky" tek 3000 tonn olje. For "Sanco Sword" er det derimot eit hollandsk skip som skal vere støtte- og forsyningsskip medan seismikkarbeidet pågår.
Sanco Shipping vart starta i 1996, og har siste åra vore det mest lønsame offshoreselskapet i Norge med eit resultat på over 50 øre for kvar omsett krone.
- Vi har sett i gang eit arbeide med å sjå på ei vidareutvikling av det designet vi har hatt på dei to siste båtane, seier Slettevoll.
Må ha langsiktig kontrakt
Han legg ikkje skjul på at det er ein føresetnad for endå eit nybygg at selskapet har ein langsiktig kontrakt i botn.- Vi får sjå. Vi får no roe oss ned nokre dagar. Vi er i alle fall svært godt fornøgde med det Sanco har levert hittil, seier Jacobsen.
- Ja, vi har ein god dialog med Dolphin, seier Slettevoll, som for eit halvt år sidan var klar på at selskapet burde ta ein investeringspause etter å ha satsa 1,2 miliardar kroner på to nye seismikkfartøy. No opnar han opp for at pausen truleg ikkje vert så lang.
- Vi får sjå kva som skjer om to-tre månader.
1050 millionar pr skip
Laurdag fekk Sanco Shipping overlevert "Sanco Sword" frå Kleven-verftet Myklebust Verft i Gursken. Det 96 meter lange og 23 meter breie skipet kan taue 16 seismikk-kablar i ei lengde på opp til 12 kilometer bak skipet."Sanco Sword" kosta totalt 1050 millionar kroner, der prisen på skipet er rundt 600 millionar kroner. I tillegg kjem seismikkutstyr frå Dolphin Geophysical på rundt 450 millionar kroner.
"Sanco Sword" er søsterskipet til "Sanco Swift", som vart overlevert frå same verft i fjor sommar. Begge skipa går på fem års kontraktar med Doplhin, med opsjonar på to + to + to år, totalt elleve år.
Godt namn i marknaden
Atle Jacbsen seier at selskapet har vore strålande nøgd med "Sanco Swift".- Skipet har vore i konstant arbeid heilt sidan overleveringa, og har allereie opparbeidd seg eit godt namn i marknaden.
"Sanco Swift" har vore i arbeid utanfor Brasil og Shetland, og skal no til Marokko for å gjere ein jobb der, før kysten utanfor Colombia står for tur.
- "Sanco Swift" har alt sikra seg fullt opp med arbeid i 2014. Også Shell ønskjer no å leige skipet, eitt av dei oljeselskapa som er av dei mest kresne, seier Jacobsen.
Det ser også bra ut for søsterskipet "Sanco Sword", eit skip som vart levert 14 dagar før tida frå Myklebust Verft.
Var først skeptisk
Jacobsen seier at selskapet i starten var litt skeptiske til å byggje ved Myklebust Verft ettersom verftet ikkje hadde kompetanse på bygging av seismikkskip.- Dette er avanserte skip, men Ivar Slettevoll ville byggje på dette verftet, som ligg i nabobygda til reiarlaget.
- Men vi har ikkje angra. Vi er positivt overraska over arbeidet som er utført her, seier Jacobsen.
Konsernsjef Ståle Rasmussen ved Kleven seier at det er sjeldan har vore så mykje ros for verftet sitt arbeid som det har vore på dei to seismikk-skipa til Sanco.
- Det er vi sjølvsagd glade for, og vi har plass til å byggje fleire skip for Sanco, seier Rasmussen.
Spennande felt
"Sanco Sword" går rett til Barentshavet, på eit område på nord for Gohta-feltet der operatøren Lundin gjorde eit stort olje- og gassfunn i fjor haust.- Vi har store forhåpningar til det området vi no skal skyte seismikk, seier Jacobsen.
- Det er mange selskap som har meldt seg på og vil vere med på dette, seier han.
Bunkring i sjøen
For "Sanco Swift" har Sanco-reiarlaget bunkers- og forsyningsskipet "Sanco Sky" som støtteskip. Dei to nye seismikkskipa forbrukar 55 tonn bunkers i døgnet, og treng i snitt ny bunkring ein gong i månaden. For å unngå å ta inn kablane og gå til lands for bunkring, skjer bunkringa i sjøen i fem knops fart med overføring av oljen i slange direkte frå støttefartøy."Sanco Sky" tek 3000 tonn olje. For "Sanco Sword" er det derimot eit hollandsk skip som skal vere støtte- og forsyningsskip medan seismikkarbeidet pågår.
Gibraltar
Etter overleveringa av "Sanco Sword", har Sanco Shipping sju skip i flåten. Skipa er registrerte på Gibraltar, medan mannskapet i stor grad kjem frå Bulgaria og Filippinane. Unntaket er kapteinane og enkelte overstyrmenn.Sanco Shipping vart starta i 1996, og har siste åra vore det mest lønsame offshoreselskapet i Norge med eit resultat på over 50 øre for kvar omsett krone.
Vi har store forhåpningar til det området vi no skal skyte seismikk
Publisert: 24.03.2014 06:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32