Nytt
Satsar 100 mill. på reiseliv på Sandsøya
Neste år vil Rosenlund på Sandsøya gjenoppstå i ny prakt med nye rom for overnatting, selskapslokale og aktivitetstilbod.
Marius Rosbach
17.06.2020
Onsdag la hurtigbåten Gabrielle til ved kaia på Sandshamna då den var ute på prøvetur for . Serverings- og overnattingsstaden Rosenlund er eitt av stoppa som er tenkt på ruta, og i løpet av året vil det skje store ting her ute.
Anja Halsebakk står for drifta og planen er å jobbe for heilårsdrift på den vesle øya i havgapet. Snart har ho også planar om å flytte til øya.
– Vi har store planar og tanken er at vi skal ha plass til 100 personar på overnatting, og vi skal utvide vidare etter kvart, seier ho.
- I andre etasje skal vi bygge 14 små feriebustader, eller familierom. Seinare kjem det takterrasse på toppen, fortel ho.
Målet er at det meste skal vere klart til påske neste år, når øybuarane arrangerer sin tradisjonelle 7-toppstur.
Anja Halsebakk fortel at dei også vil kjøpe inn utstyr, slik at besøkande kan drive ulike aktivitetar som til dømes kajakkpadling.
– Vi tenker kjøpe inn ein sjark slik at vi kan ta med gjestane ut for å fiske. Og dei kan gjerne lage til fisken sjølv, saman med kokken på Rosenlund etterpå, seier ho.
Nyheita om at blei motteke med applaus under eit folkemøte på øya i fjor. Dottera Anja Halsebakk fortel at dei også opplever at planane er teke godt i mot av lokalbefolkninga.
- Vi kjøpte eigentleg staden med gjestar. Vi opplever at folk er veldig positive til dei vidare planane og synes det er kjekt at det skjer noko, fortel ho.
– Vi starta sesongen i mai, men i sommar blir det i hovudsak drift av pub og gatekjøkken, seier Halsebakk.
Ho er spent på korleis hurtigbåtruta mellom Ålesund og Stad vil slå ut for deira del, og om det kan gi dei meir besøk.
– Vi reknar med at det kan gjere det lettare å få folk til å flytte hit også, når det blir enklare å kome til og frå øya når ferjene ikkje går så ofte, seier ho.
– Sandsøya og området rundt her, har vore ein kvit flekk på kartet i den forstand at det er lite organisert reiseliv. Når vi får Stad skipstunnel, trur eg at dette kan bli det nye Lofoten, seier ho med trykk på «når».
Eit reiselivsprosjekt i regi av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre tek samtidig nettopp føre seg ytre søre Sunnmøre, og korleis ein kan knyte denne regionen tettare saman.
Anja Halsebakk står for drifta og planen er å jobbe for heilårsdrift på den vesle øya i havgapet. Snart har ho også planar om å flytte til øya.
– Vi har store planar og tanken er at vi skal ha plass til 100 personar på overnatting, og vi skal utvide vidare etter kvart, seier ho.
Skal bygge nytt
Først skal fleire bygg rivast og i staden skal det mellom byggast eit selskapslokale med plass til 200 personar på grunnplan. Her kjem også kontor, resepsjon og tilhøyrande funksjonar.- I andre etasje skal vi bygge 14 små feriebustader, eller familierom. Seinare kjem det takterrasse på toppen, fortel ho.
Målet er at det meste skal vere klart til påske neste år, når øybuarane arrangerer sin tradisjonelle 7-toppstur.
Anja Halsebakk fortel at dei også vil kjøpe inn utstyr, slik at besøkande kan drive ulike aktivitetar som til dømes kajakkpadling.
– Vi tenker kjøpe inn ein sjark slik at vi kan ta med gjestane ut for å fiske. Og dei kan gjerne lage til fisken sjølv, saman med kokken på Rosenlund etterpå, seier ho.
Investeringar på 100 mill.
Til saman dreiar det seg om investeringar på kring 100 millionar kroner, som kjem i kjølvatnet av at brønnbåtreiar – og sandsøyværing – Roger Halsebakk kjøpte Rosenlund i fjor. omtala investeringsplanane tidlegare denne veka.Nyheita om at blei motteke med applaus under eit folkemøte på øya i fjor. Dottera Anja Halsebakk fortel at dei også opplever at planane er teke godt i mot av lokalbefolkninga.
- Vi kjøpte eigentleg staden med gjestar. Vi opplever at folk er veldig positive til dei vidare planane og synes det er kjekt at det skjer noko, fortel ho.
Les også:
Satsar på Ålesund-Stad-rute:
Har mykje besøk av båtfolk
Det er allereie på plass kring 200 meter med ny flytebrygge, og i helgene er det mykje båtfolk som kjem på besøk. I dag er det bubilparkering rett ved. Den vil bli flytta, men truleg vil også dette gi noko grunnlag for drifta.– Vi starta sesongen i mai, men i sommar blir det i hovudsak drift av pub og gatekjøkken, seier Halsebakk.
Ho er spent på korleis hurtigbåtruta mellom Ålesund og Stad vil slå ut for deira del, og om det kan gi dei meir besøk.
– Vi reknar med at det kan gjere det lettare å få folk til å flytte hit også, når det blir enklare å kome til og frå øya når ferjene ikkje går så ofte, seier ho.
Ny optimisme på øyane
Med på båtturen onsdag var også Karin Flatøy Svarstad, som er primus motor i (Sandsøy og Voksa i utvikling). Ho fortel at det er ny optimisme på øyane for moglegheitene til å skape nytt liv.– Sandsøya og området rundt her, har vore ein kvit flekk på kartet i den forstand at det er lite organisert reiseliv. Når vi får Stad skipstunnel, trur eg at dette kan bli det nye Lofoten, seier ho med trykk på «når».
Eit reiselivsprosjekt i regi av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre tek samtidig nettopp føre seg ytre søre Sunnmøre, og korleis ein kan knyte denne regionen tettare saman.
Les også:
Satsar på Hjørundfjord-rute:
Publisert: 17.06.2020 17:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58