Satsar i metallbransjen
Bauta Group si største investering nokon gang.
Første kvartal skal Bauta Group vere i full sving med mottak og bearbeiding av stål og aluminium i den tidlegare Leca-fabrikken på Skorgeneset i Vestnes kommune.
Målet er både å sikre metall og bearbeida metallprodukt til eige bruk, men og å vere ein leverandør til skipsindustri og mekanisk industri i heile Noreg, medrekna skipsindustrien på Nordvestlandet.
I 2026 reknar konsernet med å ha 15-20 arbeidsplassar i verksemda på Skrogenestet, seier dagleg leiar og medeigar Daniel Sundet , som presenterte Bauta Group si nye satsing på ein pressekonferanse i dag.
Vekst
Bauta Group har vore i sterk vekst dei siste åra og har i dag rundt 550 tilsette fordelt på 18 selskaper innan stålarbeid og sveis, elektro, eiendom, bygg og akvakultur.
Talet på tilsette er meir enn dobla sida 2021.
Frå 2021 til 2022 auka konsernet driftsinntektene med over 100 millionar kroner, til 328 millionar kroner. (2023-rekneskapen er ikkje offentleg tilgjengeleg enno).
Ifølgje databasen Proff.no er Bauta Group eigd av John Arve Sundet (80 prosent) og Daniel Sundet sitt selskap Dasu Invest (20 prosent). Dei er far og son.
Kapasitetsproblem
Bauta Group har mellom anna oppdrag for skipsbyggingsindustrien og har sjølv opplevde kapasitetsproblem av stål og andre metall.
Det er bakgrunnen for at konsernet har vald å satse på import, vidaresal og bearbeiding i eigen regi, sa Daniel Sundet på pressekonferansen.
Satsinga skal skje gjennom to nyetatblerte datterselskap, Bauta Metal og Bauta Processing. Det første skal stå for import og sal, det andre for rensing, priming og skjæring.
Sundet vil ikkje opplyse kor stor investeringa i tomt, bygg, maskiner og oppbygging av datterselskapa er, men seier at "dette er utan tvil den største investeringa vi nokon gang har gjort".
Ny aktivitet
Molde og Romsdal havn IKS kjøpte i alt 55 mål tomt og bygg på Skorgeneset for 22 millionar kroner i 2023, med mål om å vidareutvikle det og få etablert ny verksemd på området.
Bauta Group er den første nye aktøren på området og har kjøpt 10 mål uteareal og eit bygg på omlag 3500 kvadratmeter frå hamneselskapet.
- Ein god start, seier hamnesjef Olav Akselvoll om salet til Bauta Group.
Publisert: 14.05.2024 11:06
Sist oppdatert: 14.05.2024 12:04